PFAS i drikkevatn

Fluorhaldige kjemikaliar kalla PFAS har blitt spreidde i miljøet over tid, og mange stadar finst dei òg i drikkevatnet. PFAS kan vere helsemessig tvilsamt, og vassverkseigarar må bidra til å unngå PFAS i drikkevatnet eller halde konsentrasjonen nede.

Publisert

Det er eit mål å redusere den totale mengda PFAS vi blir utsette for. Det er viktig å ha så låge konsentrasjonar som mogleg i drikkevatnet vårt.

Ingen fastsett grenseverdi, men han blir sannsynlegvis 100 ng/l

Foreløpig er det ikkje nokon grenseverdi for PFAS i drikkevatn i norsk regelverk. EU sitt drikkevatnsdirektiv ble revidert i 2020, og her er det lagt inn ein grenseverdi på 100 ng/l for summen av 20 PFAS. Tilsvarande grenseverdi vil høgst sannsynleg bli tatt inn i norsk regelverk

Gjennom farekartlegginga skal likevel vassverkseigaren allereie etter dagens regelverk avdekke farane som må førebyggast, fjernast eller reduserast til eit akseptabelt nivå for å sikre leveringa av tilstrekkelege mengder helsemessig trygt drikkevatn. Dette inkluderer PFAS.

Viss farekartlegginga viser at det kan vere PFAS i råvatnet eller drikkevatnet, skal vassverkseigaren ta inn relevante analysar i prøvetakingsplanen. Inntil vidare tilrår vi å bruke grenseverdien i drikkevatnsdirektivet som rettleiande når ein vurderer analyseresultat.

Vi vil ha minst mogleg PFAS i drikkevatnet

Helseeffekten av å drikke vatn oppveier som regel ulempene ved å få i seg små mengder PFAS frå drikkevatnet. Den kommande grenseverdien tillet vassverkseigaren å akseptere noko PFAS i drikkevatnet.

Mattilsynet tilrår uansett å jobbe for å få ned konsentrasjonen av PFAS, òg når dei påviste nivåa er under 100 ng/l. Det europeisk mattryggleiksorganet, EFAS, har nemleg rekna ut at vi toler mindre PFAS enn det ein tidlegare har trudd: Risk to human health related to the presence of perfluoroalkyl substances in food (europa.eu)

Vassverkseigarar må jobbe for å unngå PFAS i drikkevatnet

I område med kjend forureining av PFAS, må vassverkseigaren jobbe heilskapleg for å redusere konsentrasjonen i drikkevatnet. PFAS er generelt vanskeleg å fjerne med vassbehandling, sjølv om ein har nokre metodar, sjå lenger ned. Derfor er det viktig å unngå at råvasskjelda blir forureina. Når ein etablerer nye vassforsyningssystem og råvasskjelder, er det viktig å velje best mogleg utgangspunkt. Ein bør på eit tidleg tidspunkt kartlegge konsentrasjonen av PFAS i råvasskjelda.

Vassverkseigaren skal dessutan beskytte drikkevatnet mot forureining så langt det lar seg gjere. Unngå aktivitetar som kan tilføre PFAS til råvasskjelda. I nokre tilfelle kan det òg vere aktuelt å fjerne forureina masse frå området. Vassverkseigaren kan sjeldan gjere slike tiltak på eiga hand, men kan vere ein viktig pådrivar overfor arealmyndigheitene og andre involverte.

Ein kan redusere konsentrasjonen av nokre PFAS med vassbehandling

Kunnskapen om vassbehandling og PFAS er avgrensa. Vi har likevel nokre kjelder til korleis ein kan redusere konsentrasjonen av nokre PFAS med vassbehandling.

Svenskt Vatten har publisert rapporten Hur kan PFAS-ämnen avlägsnas i vattenverken? (PDF, griffel.net)

United States Environmental Protection Agency (EPA) har oppsummert noen vannbehandlingsmetoder som kan være effektive for PFAS. Se også Reducing PFAS in Drinking Water with Treatment Technologies (epa.gov)

Meir om PFAS

Kva er PFAS?

Perfluorerte stoff (PFOS) er ei gruppe syntetiske kjemikaliar som består av fleire tusen stoff, inkludert dei meir kjente PFOS og PFOA.

Korleis blir PFAS brukt og spreidde?

Ulike typar PFAS har blitt brukte i lang tid til ei rekke føremål, og dette har ført til stor spreiing i miljøet.

Døme på bruksområde er brannskum, skismørjing, impregnering av tekstilar, matemballasje og belegg for å unngå at maten svir seg fast i kokekar. Dei fleste PFAS blir brotne ned svært sakte, og kan hope seg opp i naturen og næringskjeda.

Er det farleg å få i seg PFAS?

Det er inga faste akutte helseeffektar av PFAS. PFOS og PFOA er best undersøkte, og det er vist at eksponering for desse over tid kan påverke immunforsvaret, mellom anna ved å redusere effekten av vaksinar. Det finst foreløpig mindre informasjon om helseeffektar som skyldast andre PFAS.

Les meir om PFAS hos Folkehelseinstituttet; PFAS og helseeffekter (fhi.no)