Marine nutrients and methylmercury interactions

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Målet med dette forsøket er å undersøkje om marine næringstoff (EPA, DHA eller selen) kan påverke den toksiske effekten av metylkvikksølv (MeHg). BalbC mus vil verte nytta for å undersøkje om diettar som inneheld enkeltvise næringstoff, som tidlegare har vore synt å påverke MeHg toksisitet, kan påverke organsmens respons til MeHg. Dette studiet vil auke forståinga for kva rolle næringstoff kan ha i vurderingar av risiko knytta til inntak av sjømat. Det kan difor vere verdifullt i totalvurdering av fisk og sjømat i eit normalt kosthald.
Arbeidshypotese
Marine næringstoff, DHA EPA eller selen, kan påverke MeHg toksisitet.
Det er venta sub-letale effektar av MeHg i musa, og skadeverknadane er venta å vere avgrensa. MeHg er ei miljøgift som i fyrste rekkje er kjend for å påverke hjernefysiologi. Dersom dyra syner smerte eller ubehag som følgje av behandlinga vil dei verte avliva.
For å oppretthalde relevanse til human eksponering for MeHg, så vil ikkje dosen overstige 1mg Hg/ per kroppsvekt per dag(kg), noko som tilsvarar 0,02 mg Hg/dag for ei mus på 20 g.
Mus er vald som eksperimentell modell i dette studiet, sidan dette er ein vanleg modell til bruk i toksikologiske studier og for deira overføringsverdi til humane effektar. Sjølv om studier har vorte utført i cellemodellar tidlegare, så kan ikkje in vitro modellar fullgodt nyttast som erstatning for alle effektar ein vil få i ein heil organisme (replacement frå dei 3 R). Antall dyr vald ut i kvar gruppe er berekna ved hjelp av «power analyse» basert på tidlegare forsøk. Det eksperimentelle designet er satt opp som eit 3x4 fraksjonelt faktorielt design som, i tråd med «Reduction» frå dei 3 Rane, vil auke den statistiske styrken utan å auke antal dyr.
Hjerne vil bli undersøkt sidan dette er det viktigaste målorganet for MeHg toksikisitet. Analyse av proteinekspresjon i hjerne vil bli nytta som hovudendepunkt.