Utvikling og utprøving av MRI-protokollar
Vår institusjon har ein MRI-skannar for smådyr slik som rotter og mus. Denne blir rutinemessig brukt for å måle diverse fysiologiske parametrar (f.eks. blodstraum, perfusjon, diffusjon m.m.) for friske og sjuke dyr. Utstyret lar oss også studere effekten behandling har på sjukdomsutvikling på eit og samme dyr over tid.
I dette prosjektet ønskjer vi å utvikle nye og vidareutvikle eksisterande MR-protokollar for avbilding av smådyr.
Å ha gode, optimaliserte avbildingsprotokollar er nødvendige for å redusere talet på dyr brukt i kvar studie og for å betre kvaliteten på biletdata generert med MRI. Til dette arbeidet er det nødvendig å bruke levande dyr.
Vi ønskjer dessutan å lære andre forskarar å bruke MRI-utstyret slik at det kan bli brukt i forskinga deira. Dette treng vi og ein del dyr til. Grundig opplæring reduserer samla tal forsøksdyr som blir brukt i det lange løp.
MRI er ein ikkje-invasiv avbildingsmetode. Den største påkjenninga dyra vil bli utsett for er generell anestesi. Vi ventar derfor minimale skadeverknader på dyra.
Til arbeidet vårt vil vi bruke små gnagarar (rotter og mus), 50 dyr av kvar.
Erstatning: Så mykje som mogleg av av utprøvinga av MRI-protokollar vil bli gjort med testfantom med vatn. Men ein kjem ikkje utanom å bruke levande dyr for å verifisere og optimalisere nye protokollar. Opplæring av nye brukarar av utstyret kan også berre gjerast ved bruk av levande dyr.
Reduksjon: Vi reduserer talet på dyr ved å utføre så mange studiar som råd ved bruk av fantom i staden for levande dyr. Prosedyrane våre er dessutan ikkje terminale (fører ikkje til smerte og ubehag), slik at dyr kan bli brukt om igjen fleire gonger (likevel avgrensa til ein gong per dag). Vi vil monitorere tilstanden til dyrete vha. eit 'score sheet'.
Ved optimalisering av protokollar og ved å gi forskarar grundig opplæring i bruken av utstyret bidrar vi og til å redusere talet på dyr i prosjekta deira som involverer MRI.
Forbetring: Dyret er under generell anestesi under heile MR-prosedyren. I tillegg til at dette er nødvendig for at dyret skal liggje i ro under prosedyren, reduserer det mogleg ubehag f.eks. assosiert med høg lyd frå utstyret under skanning.