Reproduktiv sukssess, smoltproduksjon og marin overleving hos laks og sjøaure
Fiskeriforvaltinga og miljøforvaltinga har behov for presise data på bestandar og bestandsutvikling av sjøaure og villaks. Forvaltinga har også behov for betre kunnskap om naturlege og menneskeskapte påverknadsfaktorar og den absolutte og relative betydninga av desse faktorane.
Gjennom registreringa av utvandrande smolt og oppvandrande fisk sidan 2000 er det etablert verdifulle tidsseriar på smoltproduksjon av sjøaure og laks samt utviklinga av gytebestandane.
For laksen ønskjer vi å kvantifisera grad av introgresjon av genetisk materiale frå rømt oppdrettslaks og reproduktiv sukssess hos individuelle fiskar. Slik test kan utførast ved mikroklipp for DNA test av foreldretilhørighet. Vi søkjer difor om løyve til å mikroklipp (ca 10% av finne) av fettfinne på utvandrande smolt ( inntil 1000 sjøaure og inntil 3000 laks pr år) og tilsvarande for oppvandrande fisk (inntil 150 sjøaure og 150 laks pr år).