Diettens effekt på TCDD toksisitet

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
1 Formål
EFSA har nylig vurdert dioksinar og dioksinlignande PCBar til å vere langt meir toksisk enn tidlegare antatt. Dette er basert på human epidemiologi og dyreforsøk. Dyreforsøka som formar basisen for EFSA sin vurdering vert stort sett utført via gavage eller overføring fra rottemor til rottebarn. Få studier har undersøkt effekt av ein fullverdig diett på dioksin toksisitet, og færre har sett på kva effekt sjømat i dietten kan ha på dioksin toksistet.
Formålet med dette forsøket er å undersøkje kva betydning diettav anten sjømat (laks) eller ein tilsvarende standard rottediett kan ha på effekten av TCDD (den mest toksiske av dioksinane)
2 Skadevirkninger
Utover avlivning, er det ikkje forventa skadevirkningar på dyra. Dosane av TCDD er ikkje forventa å gje kliniske symptom.
3 Forventet nytteverdi
Basisstudiane EFSA nyttar vil bli replikert, med det unntak at rottene vil få TCDD gjennom diett postnatalt. I tillegg vil studiet gje informasjon om sjømat kan påverke den subletale toksiske mekanismen av TCDD.
4 Antall dyr og art
Det vil bli nytta 84 hannrotter i dette forsøket, fordelt på eit innleiande forsøk for å bestemme dose, og eit hovudforsøk med fullstendig oppsett. For å tydelegjgere dette foreligg det to skjema på antal dyr.
5 Hvordan etterleve 3R
Innleiande forsøk vil redusere antal dyr naudsynt for hovudforsøket, då ein enkelt relevant dose vil verte vald. Innleiande forsøk vil også raffinere hovudforsøket, slik at den beste strain, den korrekte dose, og optimalisert metodikk kan nyttast til hovudforsøket.