Genetikk og økologi hos rømt og vill laks og sjøaure i Etnevassdraget

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Anadrome laksefiskar er påverka av naturlege og menneskeskapte faktorar. Fiskeriforvaltinga har behov for presis kunnskap om mengde, oppvandringstidspunkt, storleik, rømmingstidspunkt og smittestatus hos rømt oppdrettsfisk i elv. Miljøforvaltinga har behov for presis kunnskap om bestandsstatus hos villaks og sjøaure. Føremålet med prosjektet er a framskaffa nøyaktig informasjon om rømt og vill fisk i det nasjonale laksevassdraget Etneelva og kunnskap om i kva grad naturleg seleksjon filtrerer bort genmateriale frå oppdrettslaks som har kryssa seg inn i villaksbestandar. Ved den nasjonale forskingsplattforma som Havforskingsinstituttet har etablert i Etneelva inngår ei heildekkande oppvandringsfelle som gir presise data på både rømt laks, villaks og sjøaure, samtidig som den rømte laksen blir fjerna frå gytebestanden. Fangstsystemetet består av ei fysisk flyteristsperre for oppvandring og eit fangstkammer der fisken stoppar for vidare handtering. All vill fisk i fella blir registrert og handsama skånsamt, deretter sett tilbake i elva umiddelbart. Eit mikrokutt av ytre del av fettfinne (ca 10% av fettfinnen) blir teke for ulike DNA baserte analysar av slektskap og grad av innkryssing av genmateriale frå rømt oppdrettslaks. Prosjektet er ei vidareføring av pågåande forskingsaktivitet og tidlegare godkjent prosjekt.

Det blir søkt om løyve til a) å fjerna inntil 10% av fettfinnen hos oppvandrande sjøaure (inntil 2000 pr år) og laks (inntil 2500 pr år), for ulike DNA baserte studier av slektskap og innkryssing av materiale frå rømt oppdrettslaks, b) løyve til PIT merking av inntil1000 sjøauresmolt og inntil 2500 laksesmolt pr år for kontroll for utvandringstidspunkt, -år og vekstanalysar samt sjøoverleving hos spesifikke årsklassar i bestanden, c) innfanging og mikroklipp av finne for DNA testing hos inntil 50 vinterstøingar av sjøaure og inntil 100 vinterstøingar av laks pr år. Av vinterstøingane søkjer vi samtidig om løyve til uttak av blodprøve av inntil 20 individ for virustesting.