Utvikling og utprøving av MRI-protokollar

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Vår institusjon har ein PET/MR- og ein PET/CT-skannar for smådyr slik som rotter og mus. Forskarar bruker desse rutinemessig for å generere anatomiske bilde med høgt detaljnivå og for å måle diverse fysiologiske parametrar (f.eks. blodstraum, perfusjon, diffusjon metabolisme m.m.) hos forsøksdyr. PET-teknologien er eit viktig supplement til annan avbildingsteknologi fordi han bl.a. gir informasjon om organfunksjon og fysiologi. Ved hjelp av radioaktive markørar (PET-tracerar) kan ein studere biokjemiske og fysiologiske prosessar inne i dyr eller menneske. Utstyret lar oss dermed studere effekten av nye medikament, behandlingsmetodar m.m. typisk ved eit ein ser på sjukdomsutvikling på eit og same dyr over tid. Dette er forsking som i sin tur blir nyttig for samfunnet i form av betre diagnostisering og behandling av sjukdom hos menneske.
I dette prosjektet ønskjer vi å utvikle nye og vidareutvikle eksisterande MR- og PET-protokollar for avbilding av smådyr. Å ha gode, optimaliserte avbildingsprotokollar er nødvendig for å redusere talet på dyr brukt i kvar studie og for å betre kvaliteten på biletdata generert med dei nemnde instrumenta. Til dette arbeidet er det nødvendig å bruke levande dyr.
Vi ønskjer dessutan å lære andre forskarar å bruke utstyret slik at dei kan bruke i forskinga si. Dette treng vi også ein del dyr til. Grundig opplæring reduserer samla tal forsøksdyr som blir brukt i det lange løp.

Det er her snakk om ikkje-invasive avbildingsmetodar. Den største påkjenninga dyra vil bli utsette for er generell anestesi og intravenøs eller subkutan injeksjon av PET-tracerar. Vi ventar derfor minimale skadeverknader på dyra.

Til arbeidet vårt vil vi bruke små gnagarar (rotter og mus), 50 dyr av kvar.

Erstatning: Så mykje som mogleg av av utprøvinga vil bli gjort med testfantom. Men ein kjem ikkje utanom å bruke levande dyr for å verifisere og optimalisere nye protokollar. Det trengst også levande dyr for å kunne lære opp nye brukarar på ein tilfredsstillande måte.
Reduksjon: Vi reduserer talet på dyr ved å utføre så mange studiar som råd ved bruk av fantom i staden for levande dyr. Prosedyrane våre er dessutan ikkje terminale (dei fører ikkje til smerte og ubehag hos dyret), slik at dyr kan bli brukt om igjen. Vi vil monitorere tilstanden til dyret vha. eit 'score sheet'.
Ved optimalisering av protokollar og ved å gi forskarar grundig opplæring i bruken av utstyret bidrar vi og til å redusere talet på dyr i prosjekta deira som involverer dei nemnde avbildingsmetodane.
Forbetring: Dyret er under generell anestesi under heile avbildingsprosedyren. I tillegg til at dette er nødvendig for at dyret skal liggje i ro under prosedyren, reduserer det mogleg ubehag f.eks. assosiert med høg lyd frå utstyret under skanning.