Oppvekstmiljø og predasjonsdødelegheit hos lakseyngel - eit feltforsøk
Dersom vi vil vita korleis dyr taklar omskiftande miljø og overlever under store variasjonar i omgjevnaden, er det viktig å forstå korleis atferd vert forma. Under oppveksten vil dyra treffe på mange ulike typar av stimuli, og mange av desse lagar kompleksitet til miljøet. Interaksjon med komplekst miljø er kjend å påverka utvikling av atferd. Det som ikkje ennå er kjend er om slik erfaring også aukar overlevinga i naturlege habitat. I dette forsøket vil vi testa om hypotesa om at eit «møblert oppvekstmiljø» (kompleksitet) aukar overleving i naturen. Vi brukar yngel av Atlantisk laks (Salmo salar) som modellorganisme ettersom ettersom dette er ein art som over 100 år er brukt til konserveringbiologi. Laks er ein art som i mange år er blitt produsert i klekkerier for utsetting i naturen med føremål å styrka ville populasjoner etter at vassdragsregulering og andre menneskapte aktivitetar har redusert ville bestandar. Prosjektet bidreg til programmet "Redd Vossolaksen". Vi skal gjennomføra felteksperiment med å sette ut yngel produsert på eit klekkeri, og eit akvarieforsøk på smolt der vi skal vi teste om behandling mot lakselus påverkar atferden til fisken. I feltforsøket skal ville predatorar bli fanga og gjenutsett i utsettingsområdet, og deira mageinnhald vil bli undersøkt og analysert ved bruk av magetømingsmetode (når fisken er bedøvd). Halvparten av yngelen skal få «møblert oppvekst» og den andre halvparten skal vera kontroll og få «umøblert oppvekst» (typisk for klekkerier) og med enkelt og konstant oppvekstmiljø. Fisken blir gruppemerka på eggstadiet. Dersom «møblert oppvekstmiljø» aukar overlevinga, vil dette kunna betra teknologien klekkeriene brukar under produksjon av fisk for utsetting, og ein vil kunna produsere og sette ut færre men smartare fisk.