Melde inn kosmetiske produkt i EU-portalen CPNP

Du som er norsk produsent eller importør av kosmetiske produkt, må melde inn produkta dine i EU-portalen CPNP.

Publisert

Cosmetic Products Notification Portal (CPNP) er EUs sentrale kosmetikkregister.

Desse skal melde frå

Du skal melde frå i CPNP viss du:

  • Produserer eit kosmetisk produkt.
  • Importerer eit kosmetisk produkt til Noreg frå land utanfor EU/EØS.
  • Marknadsfører eit kosmetisk produkt under ditt namn eller varemerke, eller endrar eit produkt som allereie er marknadsført på ein slik måte at samsvar med det gjeldande kravet kan påverkast.
  • Distribuerer eit kosmetisk produkt der noko av merkinga er endra for å følgje nasjonale krav om merking.

Det er den ansvarlege personen (RP) eller distributøren som har ansvaret for å melde frå.

Sjå kven som er ansvarleg person

Du som importrerer/produserer tatoverings- og injeksjonsprodukt, skal ikkje melde frå i CPNP.

Meldeplikt når du omset merking

Viss du importar kosmetiske produkt til Noreg frå eit land i EU, må merkinga på eit  i mange tilfelle omsetjast til norsk. Dersom noko av merkinga blir endra, må du som distributør melde frå i CPNP. Denne meldeplikta er derimot mindre omfattande enn om du er responsible person (RP) for eit kosmetisk produkt.

Produkt med nano-materialer må registrerast tidleg

Du må registrere kosmetikk som inneheld nano-materialer i CPNP seks månader før du marknadsfører produktet.

Informasjonen blir ikkje delt

Det er berre EU-kommisjonen, giftinformasjonssenter og kompetente styresmakter i medlemslanda i EU/EØS som kan få tilgang til informasjonen du registrerer i CPNP. Dette gir grunnlag for å føre tilsyn eller å følgje opp dersom det skulle oppstå helsefare. 

Gå til CPNP og meld inn her

Opprett bruker eller logg inn på CPNP – Cosmetic Products Notification Portal (europa.eu)

Regelverk

Forskrift om kosmetikk og kroppspleieprodukter

Forskrift om kosmetikk og kroppspleieprodukter