Mattilsynets hovedprioriteringer innen planter og dyrking i 2024
Dette er hovedmålene for det risikobaserte tilsynet for planter og dyrking i 2024. I tillegg til disse, vil Mattilsynet, som vanlig, ivareta løpende oppgaver, blant annet hendelser, prøvetaking, søknadsbehandlinger og oppfølging av bekymringsmeldinger.
Innhold på denne siden
Plantehelserisiko ved flytting av jord
Det er viktig for Mattilsynet at du som flyttar eller arbeider med jord er kjend med sykdomsrisikoane ved dette.
Kvifor prioriterer Mattilsynet dette i 2024?
Vi vil bidra til at dei som flyttar jord er kjent med krav i regelverket og kva som er konsekvensen dersom alvorlege planteskadegjerarar blir spreidd med flytting av jord.
Korleis planlegg Mattilsynet å arbeide med dette?
Vi vil gjere det lettare å finne oppdatert informasjon om flytting av jord på våre nettsider. Vi vil sende informasjonsbrev til dei som arbeider med reguleringsplanar, anleggsarbeid og flytting av jord. I tillegg vil vi informere via fagtidsskrift og i samarbeid med andre etatar.
Kva betyr dette for deg? Kva kan du/verksemda di forvente?
Du som flyttar jord eller arbeider med jord vil kunne få besøk frå Mattilsynet der vi orienterer om krav i regelverket og konsekvens ved spreiing av skadegjerarar med jord. Du vil også finne oppdatert informasjon om dette temaet på våre nettsider.
Risiko for spredning av planteskadegjørere og floghavre i forbindelse med anleggsarbeid
Plantehelserisiko ved omsetnad av planter
Mattilynet planlegg å fokusere på informasjon rundt plantehelserisiko ved omsetnad av planter i 2024.
Kvifor prioriterer Mattilsynet dette i 2024?
Omsetnad av planter representerer risiko for spreiing av planteskadegjerarar. I dag vert det omsett planter via butikkar som ikkje har kompetansekrav, registreringsplikt eller krav om internkontroll etter plantehelseforskrifta. Mattilsynet prioriterer informasjon for å auke kunnskapsnivået, bidra til omsetnad av friske planter og unngå spreiing av alvorlege planteskadegjerarar.
Korleis planlegg Mattilsynet å arbeide med dette?
Vi lagar informasjon om plantehelserisiko og plikter, og finn rett kanal for å nå ut til næringa med denne. Vi avklarar om det er behov for framtidig endring i krav om registrering og internkontroll plantehelse for verksemder som omset planter.
Kva betyr det for deg - kva kan du/verksemda di forvente?
Du kan forvente informasjon frå Mattilsynet om plantehelserisiko ved omsetnad av planter og om dine plikter knytt til dette.
Plantehelserisiko og rett bruk av plantevernmiddel i primærproduksjon av frukt og bær
Målet for 2024 er å hindre introduksjon og spreiing av planteskadegjerarar gjennom målretta informasjon.
Kvifor prioriterer Mattilsynet dette i 2024?
Vi bidrar til at produsentar av frukt og bær er i stand til å hindre introduksjon og spreiing av alvorlege planteskadegjerarar, og at dei brukar lovlege plantevernmiddel på rett måte. Spreiing av skadegjerarar, og feil bruk av plantevernmiddel har betydelege negative konsekvensar både i primærproduksjonen og for naturmiljø.
Korleis planlegg Mattilsynet å arbeide med dette?
Vi vil gjennomføre ei anonym undersøking blant frukt- og bærprodusentar for å avdekke kvifor plantevernmiddel nokre gonger ikkje vert brukt på rett måte, og få kjennskap til kunnskapsnivået om planteskadegjerarar. Deretter vil vi lage målretta informasjon om skadegjerarar i frukt og bærproduksjon, og om konsekvensane ved feil bruk av plantevernmiddel. Mattilsynet vil dele informasjonen direkte med produsentane, delta på samlingar, samarbeide med rådgjevingstenesta og publisere i fagtidsskrift og på sosiale medium.
Kva betyr dette for deg? / Kva kan du/ varsemda di forvente?
Du som har frukt- eller bærproduksjon kan få eit spørjeskjema frå Mattilsynet som i vonar du vil svare på. Du vil også få informasjon om plantehelserisiko og rett bruk av plantevernmiddel i produksjonen i ulike kanalar.