Beredskap for vassverk mot uønskte hendingar

 

Vassforsyningssystem skal alltid kunne levere nok, trygt drikkevatn. For å få til dette må vassforsyningssystemet ha tilstrekkeleg leveringssikkerheit. Det må òg vere førebyggande sikring som hindrar uautorisert tilgang og bruk.

 

Publisert

Funksjonerande beredskap er viktig, og det må gjerast øvingar regelmessig.

Ved mistanke om at drikkevatnet ikkje er trygt, har vassverkseigaren opplysningsplikt til abonnentane og Mattilsynet: Når skal vassverkseigaren melde om avvik?

Rettleiaren til drikkevassforskrifta skal stimulere vassverkseigarar og andre til å finne gode måtar å treffe regelverkskrava på.

Følgjande regelverk gir spesielt nyttig informasjon knytt til beredskap og hendingar:

Atomberedskap og drikkevatn

Mattilsynet og Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) har laga ein rapport om tiltak for næringsmiddel ved ein atomhending. Eitt av kapitla omfattar drikkevatn.

Du finn òg informasjon knytt til atomberedskap og drikkevatn på mattilsynet.no.

Rettleiar om tryggleik og beredskap i vassforsyninga

Krava til farevurdering, farekartlegging, førebyggjande sikring og beredskap er tydeleg definerte i drikkevannsforskrifta.

Til hjelp for å tryggje vassverk kan vassverkseigarar bruke Mattilsynets rettleiar om auka tryggleik og beredskap i vassforsyninga:

Norsk Vann har òg arbeidd systematisk med rettleiingsmateriell knytt til fysisk sikring, tryggleikskultur og datasikkerheit. Dei har laga fleire rapportar som gir vassverkseigarar eit godt grunnlag for heilskapleg arbeid med tryggleik.

Regelverk