Nasjonale mål for vatn og helse

Noreg har nasjonale mål for vatn og helse, som saman med regelverk, gir rettleiing om arbeidet med å levere trygt og nok drikkevatn. Dei nasjonale måla gir oppgåver til vassverkseigarane og til kommunar.

Fagleg oppdatert

Kommunar og vassverkseigarane må fylgje opp områda som er fastsett som nasjonale mål og som er særleg viktige, for eksempel beskyttelse av drikkevasskjelder, leveringstryggleik  og utbetring av vassrøyr. Det er også satt mål for offentlege avløpssystem og avløpsreinsing. Dei fleste kommunar leverer både vatn- og avløpstenester.

Dei nasjonale måla blei revidert og vedtatt i februar 2024, saman med ein ny gjennomføringsplan som går på tvers av sektorar. Måla konsentrerer seg om områder der  det er rom for og viktig med forbetring eller endring. Gjennomføringsplanen beskriver tiltak for å oppnå måla.

Målsettingane er bygd opp slik:

  • Måla er tematisk formulert for å angi kva ein ynskjer å få til  på eit overordna  nivå.
  • Indikatorane er valt for å gjera det mogleg å vurdera status og om ein har nådd måla.
  • Kriteriet for om ein har nådd måla, er konkretiseringa av måla, og er nivået for når eit mål er nådd. I tilfelle der kriteria blir innfridd, kan ein vurdera å endre kriteriet mens målet blir uendra – med mindre målet ikkje lenger er hensiktsmessig.

Utdrag frå målsetningane i Nasjonale mål for vant og helse

Det er satt 25 Nasjonale mål for vant og helse, dette er måla 1 – 14, som handler om drikkevatn.

  1. Ingen skal bli sjuke av drikkevatnet
  2. Drikkevatn skal ikkje ha mikrobiologiske avvik
  3. Drikkevatn skal ikkje ha kjemiske og sensoriske avvik
  4. Alle vassførekomster med uttak av drikkevatn skal være beskytta mot forureining
  5. Kommunal samfunnsplanlegging skal sikre innbyggarane trygt drikkevatn og drikkevasshensyn skal vere ivaretatt i arealplanlegginga
  6. Kommunane skal ha heilskaplege planer og tiltak som ser vatn, avløp og arealbruk i samanheng
  7. Drikkevassforsyningar skal ha vassbehandling som er tilpassa variasjonar i vasskvaliteten
  8. Lekkasje av drikkevatn skal reduserast
  9. Distribusjonssystemet for drikkevatn skal fornyast, ikkje forfalle
  10. Det skal ikkje være uventa brot i drikkevassforsyninga
  11. Kommunane si overordna risiko- og sårbarheitanalyser skal ta vare på tryggleiken i drikkevassforsyninga
  12. Kommunen sitt beredskapsplanverk skal sikre alternativ drikkevassforsyning for alle, om nødvendig gjennom samarbeid
  13. Befolkninga skal få informasjon om drikkevatnet dei får levert
  14. Vassførekomstar skal ha god kjemisk og økologisk tilstand

Revidering av måla blei initiert og leda av Helse- og omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet.

Les meir og sjå alle dei 25 måla og gjennomføringsplanen: Nasjonale mål for vann og helse med gjennomføringsplan (regjeringen.no)