Kva seier drikkevassforskrifta?
Drikkevassforskrifta inneheld føresegner som er relevante for kommunen som planmynde. Desse føresegnene må også du som lagar ein reguleringsplan, kjenne til.
Reguleringsplanen skal syne at det er mogleg å levere tilstrekkelege mengder trygt drikkevatn til kvar tid. Reguleringsplanen må vise at det blir lagt til rette for at planområdet vil ha ei vassforsyning som oppfyller krava i drikkevassforskrifta. Dersom dette ikkje går fram av reguleringsplanen, kan Mattilsynet framme motsegn til planen.
Forskrifta stiller blant anna krav til vasskvalitet og vassmengde, beskyttelse av tilsigsområde og vasskjelde, leveringssikkerheit og drift.
Det er spesielt drikkevassforskrifta si § 4 om forureining, § 9 om leveringssikkerheit, § 12 om beskyttelse og § 26 om pliktene for kommunen, du må forhalde deg til når du skal lage reguleringsplanar for kommunen.