Godtgjersle til dyrehelsepersonell for nødhjelp til dyr
Godtgjersla blir gitt til dyrehelsepersonell ut frå faste satsar for enkel behandling eller avliving, og dekker dokumenterte og nødvendige utgifter.
Ordninga med godtgjersle omfattar enkel behandling eller avliving av dyret. Kostbare inngrep er ikkje ein del av ordninga, og blir eventuelt ei sak mellom behandlande veterinær og dyreeigar.
Avliving av ein katt som har blitt påkøyrd, og har fått store skadar, er eksempel på nødhjelp som vil få godtgjersle frå Mattilsynet.
Ordninga med godtgjersle skal sikre at dyr som lid får nødvendig hjelp, sjølv om du som veterinær ikkje har avklart om du vil få betalt før du set i gang behandling eller avliving av dyret.
Godtgjersle for nødhjelp til dyr er regulert i forskrift om godtgjersle for nødhjelp til dyr. Den skal bidra til at sjuke, skadde og hjelpelause dyr får nødhjelp.
Forskrifta gjeld offentleg godtgjersle til veterinærar og anna dyrehelsepersonell ved
- manglande betaling for nødhjelp til eigde dyr
- utført nødhjelp til eigarlause eller ville dyr
Kva siktar ein til med nødhjelp til dyr?
Nødhjelp handlar om å gi hjelp til dyr som er openbert sjuke, skadde eller hjelpelause.
Hjelpa skal lindre alvorlege smerter eller anna liding så raskt som mogleg. Vidare undersøkingar, behandling eller rehabilitering blir ikkje rekna som nødhjelp, og blir derfor heller ikkje dekt at staten.
Formålet med nødhjelpa er først og fremst å spare dyret for unødvendige lidingar, ikkje å redde livet av dyret.
Slik gjer du
Last ned og fyll ut skjemaet på lenka under. Ver nøyaktig når du fyller ut skjemaet. Mattilsynet behandlar ikkje ufullstendige søknader. Søknaden må sendast innan fire månader etter at nødhjelpa blei gitt. Det må påreknast noko lengre behandlingstid enn vanleg for søknader som kjem inn i feriar og høgtider.
Søknaden skal innehalde (blant anna):
- Kopi av journal. Det må gå tydeleg fram av journalen kvifor dette er nødhjelp.
- Kontonummer som den eventuelle godtgjersla skal betalast til.
- Kopi av tre skriftlege krav om betaling frå veterinær/dyreklinikk til dyreeigar, når eigar er kjent (eitt krav og to purringar).
Ikkje send faktura. Det er Mattilsynet som avgjer om det vil bli betalt ut godtgjersle, og eventuelt kor mykje. Faktura vil derfor bli avvist av Mattilsynet.
Fakturagebyr (mellom klinikk og kunde) blir ikkje dekt.
Krav om godtgjørelse for nødhjelp til dyr
Godtgjørelsen gis ut fra faste satser for enkel behandling eller avlivning, og dekker dessuten dokumenterte og nødvendige utgifter.
Avgjørelsene om utbetaling av godtgjørelse tas av Mattilsynet i form av et enkeltvedtak i hvert enkelt tilfelle.
Send inn kravskjema og nødvendige vedlegg til postmottak@mattilsynet.no
Regelverk
Forskrift om godtgjørelse for nødhjelp til dyr
Kilde: Lovdata.no
Dyrehelsepersonelloven
§ 14. Nødhjelp
Kilde: Lovdata.no
Dyrevelferdsloven
§ 22. Generelle vilkår for hold av dyr
§ 4. Hjelpeplikt
Kilde: Lovdata.no