MRSA

Sjå status for førekomsten av MRSA og les kva Mattilsynet gjer for å få bukt med sjukdommen hos norske husdyr.

Status

Det finst lite LA-MRSA i Noreg. LA-MRSA hos norske husdyr blei påvist for første gong i 2011, på eit slakteri. Første gong det blei påvist i ei norsk svinebesetning var i 2013.

Mattilsynet har som mål å halde denne bakterien borte frå norske svinebesetningar. I samarbeid med Veterinærinstituttet har Mattilsynet årlege kartleggingsprogram som undersøker førekomsten av denne bakterien.

MRSA

MRSA står for meticillin-resistente Staphylococcus aureus. Det er variantar av "gule stafylokokkar", som har utvikla motstand mot fleire viktige antibiotika som blir brukt for å behandle infeksjonar hos menneske og dyr.

Det finst fleire ulike variantar av MRSA. Den varianten som etablerer seg lett hos dyr, blir kalla for LA-MRSA (*livestock-associated MRSA), eller dyreassosiert MRSA. I Noreg har vi påvist LA-MRSA hos griser.

LA-MRSA hos storfe, småfe og svin er ein sjukdom på nasjonal liste 2. Viss du mistenker eller påviser MRSA på desse artane, skal du melde frå til Mattilsynet omgåande: Melde frå om resistente bakteriar

Symptomer

LA-MRSA er ikkje spesielt sjukdomsframkallande hos dyr, og skil seg ikkje frå andre gule stafylokokkar når det gjeld evne til å forårsake sjukdom hos griser.

Smitta griser er for det meste friske, men bakterien kan spreiast til andre dyr og til menneske. Gule stafylokokkar blir av og til påviste i samband med sår- og leddinfeksjonar hos gris.

Hvordan smitter sykdommen?

LA-MRSA kan vekse på slimhinnene hos friske griser. LA-MRSA kan smitte mellom dyra, frå dyr til menneske, frå menneske til dyr og mellom menneske.

Bakterien har stor evne til å halde seg i miljøet i dyrebesetningar og kan også spreiast med infisere støvpartiklar og gjødsel, og mellom dyrebesetningar via transportmiddel. Utstyr brukt i oppdrett av gris kan også vere reservoar for bakterien.

LA-MRSA kan smitte både til andre produksjonsdyr (fjørfe, storfe og småfe) og til familiedyr (hund, katt og hest), men griser blir hovudsakleg rekna som det dyret som spreier smitte til menneske.

Kan sykdommen smitte til mennesker?

Ja, sykdommen kan smitte til mennesker.

Les mer om MRSA og LA-MRSA hos mennesker hos Folkehelseinstituttet: Generelt om MRSA (fhi.no)