Mykoplasmainfeksjon hos kameldyr
Lama og alpakka kan bli smitta av mykoplasmainfeksjoner.
Mycoplasma haemolamae blei første gong påvist i Nord-Amerika i 1988. Sjukdommen er utbreidd og finst i dei fleste land der sør-amerikanske kameldyr som lama og alpakka blir halden.
Sjukdommen er ikkje påvist i Noreg men vi antar likevel at sjukdommen finst her i landet sidan det er importert kamelid-ar frå mange land og verdsdelar der sjukdommen førekjem.
Infeksjon med Mycoplasma haemolamae gir som regel ikkje symptom hos lama og alpakka. Stress, mage-tarm parasittar og immunsvekking kan likevel utløyse symptom hos friske smitteberarar. Dyra vil da utvikle feber, anemi (for få raude blodceller), nedsett allmenntilstand, dårleg tilvekst/avmagring og i verste fall dødsfall.
Det er foreløpig ukjent korleis dyr blir smitta.
Det er inga behandling mot denne sjukdommen. Behandling med antibiotika vil ikkje gjere at dyra kvittar seg med infeksjonen. Har dyra først fått infeksjonen kan du førebygge at dei utviklar symptom med å legge til rette for at dyra ikkje blir utsette for unødig stress, behandle mot parasittar i mage-tarm dersom det er nødvendig og på andre måtar legge til rette for at dyra har eit godt immunsystem som held infeksjonen i sjakk.