Transport av dyr i varmt vêr

Høge temperaturar, særleg i kombinasjon med høg luftfukt, resulterer raskt i dårleg velferd for dyr under transport. Her får du få nokre gode råd for å unngå at dyr skal lide i varmen.

Publisert

Sjølv om Noreg med dei relativt moderate sommartemperaturane sine ikkje representerer same utfordring som land lenger sør i Europa, er faren for at dyr lid under transport på varme sommardagar til stades.

Når dyretransportar med utilstrekkeleg ventilasjon står stille i varmen, gir det raskt uuthaldelege forhold for dyra.

Mattilsynet gir råd om dyretransport i varmt ver tilpassa norske forhold med bakgrunn i informasjon frå Det engelske departementet for miljø, mat og landbruk (DEFRA).

Krav til temperatur

Transportregelverket pålegg transportøren/dyretransportsjåføren å ta dei nødvendige forholdsreglane for å verne dyra mot ekstreme temperaturar under transport. Dette gjeld også under lasting og lossing av dyra.

Krava til temperatur og ventilasjon i transportmiddel varierer med varigheita på reisa og mellom artane.

Det har også noko å seie om transporten går i sin heilskap føre seg innanfor Noregs grenser. Dette er fordi vi har strengare krav enn EU-regelverket, som berre gjeld for innanlands transport. Det som blir beskrive under gjeld reiser som i sin heilskap går føre seg innanfor Noregs grenser. 

Korte reiser (under åtte timar)

For storfe, småfe, svin og hest er det krav om at det skal vere eit ventilasjonssystem som sikrar at temperaturen inne i transportrommet kan haldast innanfor intervallet 5 ºC–30 C med ein toleranse på +/- 5 ºC, avhengig av utetemperaturen.

Ventilasjonssystemet skal ha ein nominell kapasitet på 60 m3 /h/KN nyttelast. Det betyr at systemet må kunne veksle 60 kubikkmeter luft per time per 100 kg dyr som blir transportert. Ventilasjonssystemet skal kunne driftast i minst fire timar, uavhengig av om motoren til køyretøyet er i gang eller ikkje. 

For storfe, småfe, svin, hest og fjørfe er det krav om system for kontinuerleg overvaking av temperaturen i transportrommet og at temperaturane blir registrert på ein måte som gjer det mogleg å kontrollere i ettertid korleis temperaturen har vore under reisa. Det skal også vere installert varslingssystem, som varslar sjåføren viss temperaturen når høgaste eller lågaste tillatne grense. Kravet om varslingssystem gjeld ikkje for fjørfe. Desse krava om ventilasjon og temperaturovervaking gjeld likevel ikkje for transportmiddel der slik ventilasjon er openbert unødvendig. Dette kan typisk vere tilhengarar eller andre transportmiddel for eit fåtal dyr, der luftvolumet og ventilasjonsflatene (for eksempel lufteluker på hestehengar) i forhold til dyretal/kroppsmasse er stort.

Lange reiser (over åtte timar)

Dei same reglane om ventilasjon og temperatur som er beskriven for korte reiser, gjeld også for lange reiser (over åtte timar). Men, unntaket som er beskrive for transportmiddel der det er openbert unødvendig med slikt ventilasjonssystem og temperaturregistrering, gjeld ikkje for transportmiddel som skal brukast til lange reiser.  

For andre artar enn storfe, småfe, svin, hest og fjørfe er det ingen spesifikke krav verken til temperatur eller ventilasjonskapasitet. For slike transportmiddel gjeld det generelle kravet om at dyra skal vernast mot ekstreme temperaturar og at dei skal sikrast tilstrekkeleg luftkvalitet og -mengde.  

Toleransen til dyra for høge temperaturar kan variere, blant anna med luftfukt. Viss dyra viser teikn på overoppheting sjølv om dei gjeldande temperaturkrava er overhaldne, må det treffast tiltak for å verne dyra ytterlegare.

Det er viktig å merke seg at temperaturen inne i ein dyretransportbil som ikkje blir regulert av klimaanlegg, ofte vil vere minst 5 ºC høgare enn utandørs temperatur.

Forholdsreglar ved transport i varmt vêr

  • Hald deg oppdatert om forventa temperatur på strekninga du planlegg å transportere dyra. Planlegg reisa nøye med tanke på å unngå forseinkingar og stillstand. På varme dagar bør ein vurdere å transportere dyra på dei kjøligare tidene på døgnet, utan at maksimal tillaten transporttid blir overskriden.
  • Parker der temperaturen er lågare (i skugge, vind, fukt) viss mogleg.
  • Sørg for å ha eit velfungerande ventilasjonsanlegg som verkar både når bilen køyrer og står stille.
  • Inspiser dyra oftare i varmt vêr for å oppdage eventuelle teikn til overoppheting.
  • Reduser dyretettleiken med minst 30 %. For fjørfe og eventuelt andre dyr i kasser, kan det vere nødvendig å fjerne nokon rader for å skape meir fritt luftvolum i lasset.

Tilby dyra vatn

Svin har ikkje sveittekjertlar og er spesielt utsett for overoppheting. Avkjøling med vatn som blir dusja på dyra er ei moglegheit, men ver klar over effekten av auka luftfukt kombinert med temperaturar over 24 ºC.