Dyrevelferd på beite

Dyr som har naturleg behov for å beite, skal ifølge regelverket om dyrevelferd få beite i den normale beiteperioden. Dyrehaldaren skal sørge for at beiteområdet er eigna, og at beitedyra har det bra der.

Publisert

Innhald på denne sida

  1. Dyr med beitebehov skal få beite
  2. Beiteområdet skal vere eigna for dyra
  3. Dyrehaldaren skal vurdere risikoen i beiteområdet
  4. Dyra skal vere eigna for beite
  5. Dyrehaldaren skal føre godt tilsyn med beitedyra
  6. Dyrehaldaren skal hjelpe beitedyra
  7. Dyrehaldaren skal verne beitedyra mot rovdyr og annan risiko
  8. Dyrehaldaren skal vere kompetent
  9. Mattilsynet rettleier og kontrollerer dyrehaldarane

Dyrehaldaren skal verne beitedyra mot risiko, slik at ikkje unødig mange beitedyr døyr, blir skadde eller utsette for andre store belastningar. Dyrehaldaren skal avlive, behandle eller på annan måte hjelpe sjuke, skadde og hjelpelause beitedyr.

For å kunne gi beitedyra god nok velferd, må dyrehaldaren føre tilsyn med dyra ofte og grundig nok. Dyrehaldaren må også gjennomføre tiltak som gir beitedyra nok vern mot rovdyr og annan sannsynleg risiko for belastningar.

Dyrehaldaren må sjølv vurdere risikoen for dyra i beiteområdet og tilpasse tilsynet og tiltaka for å handtere risikoen forsvarleg. For å klare dette må dyrehaldaren ha nok kompetanse og opplysningar, og planlegge og arbeide godt og systematisk for god dyrevelferd både før og under beiteperioden.