Dyrevernnemndene og lekmannsskjønn i arbeidet med dyrevelferd
Mattilsynet har lokale dyrevernnemnder med utnemnde lekpersonar, som deltek i arbeidet med dyrevelferd. Frå nyttår kan nemndene over heile landet få i oppdrag frå Mattilsynet å inspisere dyrehald med selskapsdyr og hobbydyr på eiga hand for å følgje opp bekymringsmeldingar.
Lekmannsskjønnet i saker om dyrevelferd
Dyrevernnemndene kan ikkje avgjere om regelverket er brote, og dei kan heller ikkje avgjere korleis Mattilsynet skal reagere på regelbrot. Nemndene kan ikkje fatte enkeltvedtak, men skal bruke lekmannsskjønn og gjere seg opp ei meining om dyrevelferda på staden er i orden eller ikkje er i orden. Så er det opp til Mattilsynet å avgjere om det er regelbrot, og korleis Mattilsynet skal følgje opp regelbrotet.
Lekmannsskjønn er i denne samanhengen vurderingar som dyrevernnemnda gjer på bakgrunn av fornuft, etikk, kunnskap og haldningar, som er representative for ansvarlege personar med praktisk erfaring frå dyrehald. Vurderingane til nemndene skal gjenspeile korleis samfunnet meiner at dyr bør ha det.
Oppgåvene til dyrevernnemndene
Dyrevernnemndene er ein del av Mattilsynet. Det er Mattilsynet som organiserer nemndene og avgjer kva for saker dei skal delta i. At Mattilsynet skal ha dyrevernnemnder, og at nemndene skal bruke lekmannsskjønn i arbeidet med dyrevelferd, er fastsett i dyrevelferdsloven § 30 andre ledd.
Når Mattilsynet får ei bekymringsmelding om velferda for selskapsdyr eller hobbydyr, kan Mattilsynet sende ut dyrevernnemnda for å inspisere dyrehaldet på eiga hand. På slike inspeksjonar skal nemndene
- observere korleis dyra har det
- snakke med dyrehaldaren og få opplysningar om dyrehaldet
- bruke lekmannsskjønn og gjere seg opp ei meining om dyrevelferda er i orden eller ikkje
- vurdere kompetansen til dyrehaldaren
- gi dyrehaldaren råd om hald av dyr
- skrive ned fakta om dyrehaldet og vurderinga av dyrevelferda og kompetansen i eit skjema, som delast med dyrehaldaren
- ta bilde og video for å dokumentere fakta
- sende skjema, bilde og video til Mattilsynet, som vurderer og avgjer om det er regelbrot, og kva som eventuelt skal gjerast vidare i saka
- ringe Mattilsynet i akutte og alvorlege tilfelle, slik at Mattilsynet kan fatte nødvendige vedtak om midlertidig forvaring og andre strakstiltak
- gjennomføre vedtak om midlertidig forvaring ved å ta dyret eller dyra vekk frå dyrehaldet og plassere det eller dei ein trygg stad
Det skal alltid vere minst to medlemmer frå dyrevernnemnda med når nemnda inspiserer dyrehald på eiga hand. Dyrehaldaren har plikt til å sleppe nemnda inn til dyra og gi nemnda nødvendige opplysningar om dyrehaldet. Det er fastsett i dyrevelferdsloven § 18 og § 19.
Dyrevernemndene deltek også på inspeksjonar saman med Mattilsynet, særleg i saker om alvorlege og gjentakande brot på dyrevelferdsloven. Nemndene skal også da observere og vurdere sjølvstendig korleis dyra har det. Mattilsynet kan også trekke inn nemndene og lekmannsskjønnet i vurdering av tilfelle som nemndene ikkje har vore med å inspisere, og i anna arbeid med dyrevelferd.
Medlemmene i dyrevernnemndene
Å vere medlem i dyrevernnemnda er eit statleg verv, som vanlegvis gjeld for fire år om gongen. Mange av medlemmene har vervet i tillegg til vanleg jobb. Det er Mattilsynet som utnemner medlemmene. For å kunne bli utnemnd må du blant anna ha
- kunnskap om og interesse for dyrevelferd
- praktisk erfaring med hald av dyr
- gode evner til å kommunisere med folk og dyr
- kjennskap til korleis offentleg forvaltning fungerer
Regelverk
Dyrevelferdsloven § 18, § 19 og § 30
§ 18. Adgang til sted og plikt til å yte bistand
§ 19. Opplysningsplikt, dokumentasjon og kontrolltiltak
§ 30. Tilsyn og vedtak
Kilde: Lovdata.no