Stemneveterinærtenesta

Mattilsynet sine stemneveterinærar kontrollerer dyrevelferda i alle hesteveddeløp (totalisatorløp).

Publisert

Stemneveterinæren inspiserer trav- eller galoppbanen før løpet og observerer hestane før og under løpet. Dersom noko ikkje er i orden med banen eller hestane, kan stemneveterinæren tilrå at arrangøren

  • utbetrer banen
  • avlyser eller stoppar løp
  • gir hestar startforbod
  • tar dopingprøver

Om arrangøren ikkje gjer som tilrådd, kan stemneveterinæren fatte nødvendige enkeltvedtak.

Stemneveterinæren skal også utføre nødhjelp på sjuk eller skada hest inntil beredskapsveterinæren frå arrangøren kjem.