Avl av husdyr
Alle som driv med avl av husdyr, må ha godkjenning frå Mattilsynet og følgje avlsregelverket.
Avlslag og avlsorganisasjonar som fører stambøker og gjennomfører avlsprogram for artane storfe, sau, geit, svin og hestedyr, må vere godkjent av Mattilsynet etter bestemde kriterium. Godkjenningsprosessen omfattar mellom anna at avlsprogrammet eller avlsprogramma til avlslaget skal godkjennast.
Eit godkjent avlslag får automatisk geografisk virkeområde i landet det blir oppretta. Det geografiske virkeområdet kan utvidast til å omfatte andre EØS-land, noko som mellom anna har noko å seie for retten til hesteavlslaga til å skrive ut hestepass.
Avlsdyr som innfrir kriteria i eit avlsprogram, har rett til å bli oppført i stamboka til det tilhøyrande avlslaget. Oppdrettarar av avlsdyr har visse rettar og pliktar.
Reglane i avlsregelverket regulerer også korleis prestasjonstesting og avlsverdivurdering skal gjennomførast og korleis avlssertifikat som dokumenterer avstamming skal formast ut.
Les meir i rettleiar til enkelte føresegner i avlsregelverket (PDF).
Regelverk
Reglane om avl av husdyr står i husdyravlslova (lovdata.no) og husdyravlsforskrifta (lovdata.no)