Mat og vatn for høns
Høns bør ha fri tilgang på fôr som er spesielt berekna til høns. Dei skal ha fri tilgang på drikkevatn av god kvalitet.
Høns er altetande av natur, men det er anbefalt å gi dei fôr som er berekna til høns.
Det er veldig avgrensa kva du kan gi av animalske produkt til matproduserande dyr. Høns skal ikkje fôrast med matavfall som inneheld kjøtt. Enkelte animalske protein er tillatne, som for eksempel fisk og mjølkeprodukt. Du finn meir informasjon om dette i Veileder om bruksbegrensninger for proteiner og mineraler av animalsk opprinnelse i fôr.
Unngå mat som er muggen eller dårleg på annan måte.