Smitteførebygging ved dyresamlingar – råd til dyrehaldar

Du må ta forholdsreglar for å unngå at ditt eige eller andre dyr på ei dyresamling skal bli sjuke. Berre friske dyr kan delta på slike samlingar. Viss dyret har feber, naseutflod, diaré eller andre symptom på sjukdom, må det bli heime.

Publisert

Hugs at ulike sjukdommar smittar på ulike måtar. Nokre sjukdommar smittar med direkte kontakt mellom dyr, andre sjukdommar smittar gjennom lufta, gjennom fôr eller avføring, eller via indirekte kontakt med utstyr, klede og inventar.

På dyresamlinga må du sørge for minst mogleg direkte og indirekte kontakt med andre dyr. Vask hendene grundig i lunkent vatn og såpe mellom kvart dyr du tar på. Bruk utstyr du har tatt med sjølv til ditt eige dyr. Viss du må låne utstyr, så sørg for å vaske og desinfisere det først.

For fleire råd om smitteførebyggande tiltak, sjå dei generelle prinsippa i dyrehelseforskrifta (lovdata.no)

Smittevernråd på dyresamlingar

  • Vask hender og skift skotøy og tøy viss du bevegar deg mellom dyr frå ulike dyrehald.
  • Berre friske dyr kan delta på dyresamlingar, sjuke dyr må bli heime.
  • Unngå å låne utstyr av andre, vask og desinfiser alt utstyr før du tar det inn i eige dyrehald igjen.
  • Mattilsynet anbefaler tette vegger mellom oppstallingsplassane.