Krav om kompetanse og kompetansebevis
Alle som er involverte i transport av dyr skal ha tilstrekkeleg kompetanse til å gjere dette på ein god og skånsam måte, og i tråd med krava i regelverket.
For næringsmessig transport av dyr gjeld i tillegg nokre spesifikke krav til kompetanse.
Sjåførar og følgespersonar som transporterer dyr av artane storfe, småfe, svin, hest og fjørfe skal ha kompetansebevis. I Noreg blir ferda ut slike kompetansebevis av Mattilsynet, og det er eit vilkår at ein har gjennomført og bestått opplæring som er godkjent av Mattilsynet.
Sjåførar og følgespersonar som transporterer reinsdyr, skal ha gjennomført og bestått opplæring som er godkjent av Mattilsynet.
Du søker om kompetansebevis i Mattilsynets skjemateneste. Kompetansebevis er ei personleg godkjenning. Derfor er skjemaet berre tilgjengeleg når du er innlogga som privatperson.