Bakteriell nyresjuke (BKD)
BKD er ein alvorleg smittsam fiskesjukdom på både vill og oppdretta laksefisk.
BKD er ein alvorleg smittsam fiskesjukdom på både vill og oppdretta laksefisk.
Sidan desember 2022 er det avdekka BKD ved ein rekkje lokalitetar i Midt-Norge. Det har rømt fisk frå anlegg i området, og ett av disse hadde fisk med BKD. Det medfører smitterisiko både for villfisk og annan oppdrettsfisk. Det er sett i verk ekstra tiltak for å førebyggje vidare spreiing.
Ved mistanke skal Mattilsynet varslast med ein gong, og prøver skal sendast til Veterinærinstituttet. Ved utbrot gjennomfører Mattilsynet i samarbeid med Veterinærinstituttet smittesporing for å kartlegge smittekjelde og mogeleg smitteoverføring til andre anlegg eller fiskegrupper.
Du har varslingsplikt dersom du jobber i oppdrettsselskap, i fiskehelsetjeneste, på Veterinærinstituttet, på Havforskningsinstituttet, andre laboratorier, ved slakteri, med transport av fisk og andre fartøy i kontakt med fisk.
Se slik varsler du om listeførte eller nye sykdommer hos oppdrettsfisk og andre akvakulturdyr (f.eks. skjell) om hvordan varsle Mattilsynet.
Bakteriell nyresjuke (BKD) er ein kronisk sjukdom som følgje av infeksjon med bakterien Renibacterium salmoninarum. Mattilsynet skal straks ha melding ved mistanke om sjukdommen.
Sjukdommen rammer berre laksefisk: laks, regnbogeaure, røye og harr.
Det finnest ingen effektiv behandling av sjukdommen eller vaksine som kan nyttast.
Tidleg i sjukdommen kan fisken ha små blødingar i huda som kan utviklast til små, kraterforma hudsår. Fisken kan ha kvite knutar i nyrene og andre organ, og noko veske i bukhola. I sjøvatn kan ein sjå såkalla "svimarar", som av og til kan ha utståande auger pga. plasskrevjande betennelsesvev i augnehola.
Kjønnsmogen regnbogeaure kan ha ein forbigåande tilstand med berre hudsår, kjent som "spawing rash"
BKD er ein kronisk sjukdom, og fisken kan vera livsvarig berar av bakteriane. Infeksjonen kan smitte horisontalt, (via utstyr, nøter, båter osv.) men kan også overførast frå ein generasjon til neste gjennom infisert rogn. Smitta stamfisk kan derfor ikkje nyttast for rognproduksjon.
For å unngå utvikling av lokale epidemiar er det avgjerande å sikre god biosikkerheit.
Smitta villfisk kan føre til stadig nye utbrot av sjukdom på oppdrettsfisk og medfører auka risiko for at BKD etablerer seg innanfor eit eller fleire område, både hos oppdretts- og villfisk.
BKD er ikkje farleg for menneske.