Furunkulose
Klassisk furunkulose er ein smittsam bakterieinfeksjon som kan ramme laksefisk både i sjø og ferskvatn.
Klassisk furunkulose er ein smittsam bakterieinfeksjon som kan ramme laksefisk både i sjø og ferskvatn.
Furunkulose-situasjonen i norsk lakseoppdrett vert vurdert som bra, sjølv om det dukkar opp enkelte utbrot med ujamne mellomrom.
Sjukdommen vart sist avdekka i to oppdrettsanlegg og på reinsefisk i 2022, men ikkje på vill laksefisk.
Du har varslingsplikt dersom du jobber i oppdrettsselskap, i fiskehelsetjeneste, på Veterinærinstituttet, på Havforskningsinstituttet, andre laboratorier, ved slakteri, med transport av fisk og andre fartøy i kontakt med fisk.
Se slik varsler du om listeførte eller nye sykdommer hos oppdrettsfisk og andre akvakulturdyr (f.eks. skjell) om hvordan varsle Mattilsynet.
Sjukdommen er listeført (kategori F). Førekomst av eller mistanke om furunkulose hos akvatiske dyr skal straks meldast til Mattilsynet.
Ved fastsetjing av ny dyrehelseforskrift i 2022 (lovdata.no) blei meldeplikt for furunkulose ved ein feil avgrensa berre til laksefisk. Det riktige er at meldeplikta for furunkulose skal gjelde for alle akvatiske dyr, blant anna og reinsefisk. Mattilsynet vil oppdatera dyrehelseforskrifta på dette punktet (§6).
Mattilsynet ber om at laboratorium, oppdrettsaktørar og deira fiskehelsepersonell melder frå til oss med ein gong, om alle funn av furunkulose på akvatiske dyr.