Fakta om lakselus og lakselusbekjempelse
Lakselus er den vanlegaste parasitten på oppdrettslaks. For å verne vill laksefisk og oppdrettslaks er det sett grenser for kor mykje lakselus det kan vere i på fisken i oppdrettsanlegga.
Lakselus
Lakselus er eit parasittisk krepsdyr på laksefisk (laks, aure og røye), som finst naturleg i alle havområde på den nordlege halvkula. Lusa et laksehud og fisken kan dermed utvikle store sår som kan medføre redusert vekst og svekka helsetilstand. I verste fall døyr fisken.
Sidan oppdrett av laks i stor grad skjer i opne merdar langs kysten, kan parasittar som lakselus fritt spreie seg frå oppdrettsfisk til villfisk og andre oppdrettsfiskar. Den store auken i mengda tilgjengelege vertar langs kysten, har ført til auka førekomst av lakselus på vill laksefisk.
Kor mykje lakselus toler laksen?
Jo mindre laksen er, desto meir sårbar er han. Fleire enn 10 lus på ein laksesmolt kan vere dødeleg. For å verne villaksen må det derfor vere minst mogleg lakselus i vatnet om våren når laksesmolten vandrar ut til havet.
Sjøauren lever i områda der det er oppdrett. Den toler heller ikkje for mange lus, og trekkjer ofte tilbake til elvane for å avluse seg i ferskvatn. Det er ei større utfordring å ta vare på sjøørrett enn laksesmolt, sidan den er utsett for smitte i ei lengre periode.
Fisk i oppdrettsanlegg kan også få skadar av lakselus dersom det blir store mengder av lus på fisken. Lakselus kan med andre ord bli eit velferdsproblem både for oppdrettsfisken og villfisken.
Maksimumsgrense for lakselus i oppdrettsanlegga
For å hindre at vill laksefisk og oppdrettsfisk vert skada av lakselus, er der derfor innført grenser for kor mykje lakselus laks i oppdrettsanlegg kan ha. Det meste av året skal det til kvar tid vere færre enn 0,5 vaksne holus i snitt per fisk i anlegget. Om våren når villsmolten vandrar frå elvar og ut til havet er grensa lågare.
Det er oppdrettarane sitt ansvaret å sikre at mengda lakselus ikkje overskrid grensa. Klarer dei ikkje det med tiltak, må dei slakte ut fisken.
Mattilsynet kan gi løyve til ei høgare lakselusgrense for stamfisk det siste halve året fisken står i sjøen. (Stamfisk er kjønnsmoden fisk som blir brukt som foreldre til nye generasjonar av fisk). Mattilsynet kan også fastsetje eigne grenser for lakselus i soner.
Oppdrettarar er pålagde å telje og rapportere til Mattilsynet talet på lakselus pr. fisk, eventuell behandling og sjøtemperatur kvar veke når sjøtemperaturen er fire grader eller meir – og kvar fjortande dag når sjøtemperaturen er under fire grader.
Metodar for å fjerne lakselus frå oppdrettsfisk
Det finnes fleire metoder oppdrettarar brukar når dei nedkjempar lakselus:
Medikamentelle behandlingar blir gjort anten ved at legemiddelet blir tilsett fôret eller ved badebehandling. Ved badebehandling blir merden omgitt av ein tett presenning. Badebehandlinga kan også gjerast om bord i brønnbåt.
Sidan lakselusa i stor grad har vorte motstandsdyktig (resistent) mot legemidla, er dei tre mest brukte metodane i dag ikkje-medikamentelle: termisk behandling, mekanisk behandling og ferskvassbehandling.
Det vanlegaste behandlinga er å bada fisken i 28 eller 34 gradar varmt vatn i rundt 30 sekund, såkalla termisk behandling. Den andre måten er å spyla fisken med sjøvatn i eit kammer for å få lusa vekk. Å bada fisken i kaldt ferskvatnet er den tredje metoden som blir brukt.
Reinsefisk vert også nytta. Reinsefisk er rognkjeks og ulike leppefiskartar som vert sett ut i merdane for at dei skal ete lus som sit på oppdrettsfisken.
Endeleg nyttar også ein del oppdrettarar laser. Ei bøye med kamera blir senka ned i merden og laser skyt lakselus som kameraet avdekkjer på oppdrettslaksen.
I tillegg blir luseskjørt brukt som førebyggjande tiltak.
Resistens og dårleg velferd
Behandling mot lakselus fører til dei største dyrevelferds- og helseproblemet i lakseoppdrettsnæringa.
Resistens
Lakselusa har i stor grad vorte motstandsdyktig (resistent) mot legemidla. Resistens oppstår når dei same avlusingsmidla blir brukte fleire gonger. Dette er ei naturleg utvikling sidan det er dei individa som best toler avlusingsmiddelet som overlever kvar gong. Dei er berarar av eigenskapen som gjer at dei overlever behandlinga og kan formeire seg vidare.
Gjentekne ferskvassbehandlingar kan auke toleransen til lakselusene for ferskvatn. Dette kan få konsekvensar for resistensutvikling både i oppdrettsanlegg og for villfisk. Difor må ferskvassbehandlingar brukast med varsemd for å unngå resistens.
Dyrevelferd
Dei ikkje-medikamentelle metodane som dag vert brukt for å nedkjempe lakselus (varmt vatn, spyling og ferskvatn) har ført til meir handtering og hyppige avlusingar. Det har gjort at stor oppdrettslaks generelt har fått dårlegare helse og dermed toler den ikkje alltid belastninga som endå ei ny avlusing medfører.
Det er store velferdsproblem for reinsefisken i oppdrettsanlegga. Det naturlege habitatet til reinsefisken skil seg betrakteleg frå oppdrettsmiljøet i merdane som er tilpassa oppdrettslaksen. I merdane vert reinsefisk utsett for store velferdsmessige utfordringar på grunn av sjukdom og i samband med avlusing av oppdrettslaksen. Reinsefisk skal sorterast ut før laksen skal avlusast. Undersøkingar viser at oppdrettsnæringa i lita grad har kontroll med reinsefisken og at mange reinsefisk døyr. Den vitskaplege dokumentasjonen av effekten reinsefisken har på lakselus er også mangelfull.