Ver varsam med ferskvassbehandling mot lakselus og AGD
Gjentatte ferskvassbehandlingar kan auke lakselusa sin toleranse for ferskvatn.
Dette kan få konsekvensar både for oppdrettsanlegg og for villfisk. Oppdrettarar må derfor bruke ferskvassbehandlingar med varsemd for å unngå økt toleranse.
Slik bør de bruke ferskvassbehandling
- Det må gå minst seks månader mellom kvar behandling med ferskvatn. Viss lakselus blir utsett for behandling med ferskvatn i to etterfølgande generasjonar, er det stor fare for at lakselus får auka toleranse for ferskvatn. Dersom det går meir enn seks månader mellom kvar behandling, er det mindre fare for at lus i området blir tilstrekkeleg eksponert til å utvikle auka toleranse.
- Viss lakselusa får auka toleranse for ferskvatn, skal ikkje metoden brukast.
- Ferskvassbehandling føreset at ein er varsam og følger godt med på behandlingseffekten.
Grunngiving
Vurderingar frå Veterinærinstituttet, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), Universitetet i Bergen/Sea Lice Research Centre og Havforskingsinstituttet utarbeidd på oppdrag frå Mattilsynet viser at:
- Ein kvar bruk av ferskvatn gir auka risiko for at lakselus kan endre toleranse for ferskvatn.
- Det er sannsynleg at seleksjon gjennom auka bruk av ferskvassbehandlingar kan endre toleransen i populasjonen, slik at fleire lakselus vil tole lågare saltinnhald over lengre tid.
- Lakselus vil sannsynlegvis ikkje reprodusere seg i ferskvatn.
For viltlevande sjøaure og røye kan dette føre til:
- redusert moglegheit for avlusing ved periodevise opphald i vatn med lågt saltinnhald
- høgare lusepåslag
- negativ påverking på bestandane dersom problemet blir stort nok
Risikoen er mindre for utvandrande laks, men effekten er negativ også for utvandrande laks.
Vurdering knytt til bruk av ferskvatn i behandling av laks i oppdrettsnæringa
På oppdrag frå Mattilsynet har Havforskningsinstituttet og Veterinærinstituttet gått gjennom nye data for å vurdere om det er grunn til å ha restriksjonar på bruken av ferskvatn. Dei nye opplysningane viser at auka eksponering for brakkvatn og bruk av ferskvassbehandlingar vil endre toleransen slik at fleire lakselus vil overleve i vatn med lågare saltinnhald.