Rettleiing rapportering av lakselus
Oppdrettarar skal rapportere lakselusdata kvar veke til Mattilsynet, og seinast i løpet av tysdagen i den etterfølgjande veka. Rapporteringa skjer elektronisk via Altinn eller maskinelt gjennom Mattilsynets APIar.
Ver merksam på
- 6. desember 2023 er overgangsfasen til nytt luseskjema over.
- I overgangsfasen (som er frå veke 40 til og med 6. desember) er det mogleg å rapportere lusetal på det nye skjemaet, men også på det gamle skjema med vilkår at rapportane vert sendt på nytt i det nye formatet før overgangsperioden er over.
- Viss du i overgangsfasen berre har rapportert på det gamle skjemaet, må du difor rerapportere i nytt format til innan 6.desember.
- Gamle luseskjema vert fasa ut frå 7. desember. Frå denne dagen er berre det nye luseskjema tilgjengeleg for rapportering av lakselus.
- Viss du ikkje rerapporterer data sendt i det gamle skjema, kan dette mellom anna få konsekvensar for blant vurdering av søknader om unntaksvekst.
Her finn du rapporteringsskjema og API-dokumentasjon
Det nye skjemaet for rapportering av lakselusdata finn du på Altinn, og heiter Vekentleg rapportering av lakselus (eller «Ukentlig rapportering lakselus» om språkvalet ditt i Altinn er bokmål).
For dei som ønskjer å rapportere maskinelt finn ein meir utfyllande dokumentasjon på sida Maskinell innrapportering av rapporter og API-dokumentasjonen
Rapporteringa omfattar:
- Rapportering av selskapsinformasjon og kontaktinformasjon til personen som sender inn skjema
- Rapportering av vekenummer
- Rapportering av opplysingar om sjøtemperatur, snitt talet på lakselus frå alle merdar i anlegget, sensitivitet og mistanke om resistens, type behandling mot lakselus, verkestoff, mengd og styrke dersom medikamentell behandling
Slik rapporterer du behandling mot lakselus
Rapporteringsskjema skil mellom enkeltbehandlingar og kombinasjonsbehandlingar.
Enkeltbehandlingar kan bestå av medikamentelle behandlingar eller ikkje-medikamentelle behandlingar, mens kombinasjonsbehandlingar kan bestå av begge to. Du kan melde fleire enkelt- og kombinasjonsbehandlingar.
For medikamentelle behandlingar må du oppgi verkestoff, styrke og mengd. For behandling som ikkje nyttar legemiddel treng du ikkje å oppgi noko verkestoff.
Dersom behandlinga di ikkje finst i lista av behandlingar i skjemaet vel du «anna behandling», vel om behandling er medikamentell eller ikkje, og beskriv behandlinga.
Bruk av «anna behandling» for medikamentell behandling skal berre brukast ved spesielle tilfelle der badebehandling eller fôrbehandling ikkje er beskrivande.
Behandlingar må registrerast i kvar veke dei blir gjennomførte. Det vil seie, gjennomfører du ei behandling over to veker må dette rapporterast i begge vekene.
Rapportering på nytt
Lakselusrapporteringa legg til grunn at kvar enkeltståande innrapportering er fullstendig.
Dersom du oppdagar ein feil i ei tidlegare rapportering, t.d. feil i lusetal eller manglande rapporterte behandlingar, må du melde inn heile skjemaet for den relevante veka på nytt.
Det nyaste rapporterte skjema blir lagt til grunn, uavhengig av veka den er rapportert inn for.
Badebehandling
Ved registrering av badebehandling kan du velje mellom legemiddel.
Brukte du eit legemiddel som ikkje finst i lista i skjemaet, må du velje «Anna» og oppgi verkestoffet. Dette alternativet skal berre brukast ved spesielle tilfelle, t.d. når legemiddelet har godkjenningsfritak. Bruk beskrivingsfeltet for å oppgi verkestoff, mengd og styrke.
Vatn er ikkje eit legemiddel og bruk av vatn - ferskvatn eller oppvarme sjøvatn - fell ikkje inn under definisjonen av medikamentell badebehandling. Derfor skal bruk av vatn rapporterast som vassbehandling, og ikkje anna verkemiddel.
Teksten i beskriving er fritekst og er berre synleg for saksbehandlarar i Mattilsynet, og blir ikkje vist i kartløsningen BarentsWatch Fiskehelse.
Fôrbehandling
Når du registrerer, kan du velje mellom legemiddel.
Dersom du brukte eit legemiddel som ikkje finst i lista i skjemaet, må du velje «Anna» og oppgi verkestoffet. Dette alternativet skal berre brukast ved spesielle tilfelle, t.d. når legemiddelet har godkjenningsfritak. Bruk beskrivingsfeltet for å oppgi verkestoff, mengd og styrke.
Teksten i beskriving er fritekst og er berre synleg for saksbehandlarar i Mattilsynet, og blir ikkje vist i kartløsningen BarentsWatch Fiskehelse.
Ikkje-medikamentelle metodar
For å rapportere bruk av avlusingsmetodar utan bruk av legemiddel, vel du relevant behandlingsmetode i skjemaet.
Det kjem stadig nye ikkje-medikamentelle metodar. Dersom metoden din ikkje finst i lista vel du «anna behandling», opplyser at den er ikkje-medikamentell, og beskriv behandlinga.
Kombinasjonsbehandlinger
Dersom du har gjennomført ei kombinasjonsbehandling, legg du til ny kombinasjonsbehandling – du får så valet til å leggje til behandlingar som inngjekk.
Behandlingane som er del av kombinasjonsbehandling følgjer same struktur som enkeltbehandlingar, og har same framgangsmetode.
Eksempelvis; har du nytta ein metode som består av både ferskvatn og termisk behandling, vel du kombinasjonsbehandling. Så legg du til ei ferskvassbehandling og ei termisk behandling som del av denne kombinasjonsbehandlinga.
Men dersom du har gjennomført to separate behandlingar beståande av ferskvassbehandling og termisk behandling, rapporterer du desse som to enkeltbehandlingar og ikkje kombinasjonsbehandling.