Korleis bedøve, avlive og behandle krabbar

I utgangspunktet er det forbode å koke dyr levande.

Publisert

Innhald på denne sida

  1. Bedøving av krabbar
  2. Det er forbode å brekke av klørne på levande krabbar
  3. Koking av krabbar
  4. Oppbevaring av krabbar etter fangst
  5. Koking og bedøving av krabbar i butikk og restaurant

Vi har i dag ikkje tilstrekkeleg kunnskap til å seie kva som er den beste måten å bedøve krabbe på i private heimar, og som samtidig er mogleg for folk flest å få til. Vi veit at krabbane kjenner ubehag og at det i høg grad er stressande for dei å bli lagd direkte i kokande vatn. Ut frå det vi veit i dag, er det best å bruke slag eller kutt til å bedøve. Inntil vidare blir nedkjøling tillate, sjølv om vi ikkje veit sikkert om krabben blir bedøvd.