Reglar for innførsel av planter og frø med meir for privatpersonar
Skal du handle planter på nett eller på utlandstur, eller ta med deg planter i flyttelass frå utlandet, må du vere sikker på at det blir gjort i samsvar med regelverket som gjeld for slik import.
Innhald på denne sida
Du som privatperson kan ikkje utan vidare ta med deg planter og andre smitteberande emne, som for eksempel jord, plantedelar og tre frå utlandet inn i Noreg.
Ved import av planter, plantedelar, jord, frø, frukt og grønsaker, er det ein risiko for at det kan følgje med uønska planteskadegjerarar som blindpassasjerar. Disse skadegjerarane kan være insekt, virus, bakteriar og andre organismar, som har eit potensiale til å gjere stor skade på plantene våre, både i jordbruket, skogbruket og naturen. I Noreg har vi derfor eit strengt regelverk som skal sikre ei god plantehelse i landet vårt. Dette avgrensar kva ein kan importere og korleis.
Dette kan du ta med inn i Noreg utan plantesunnheitssertifikat
Hovudregelen er at alle planter som importerast, skal være følgt av eit plantesunnheitssertifikat som dokumenterer at plantene er friske og utan skadedyr. Men for enkelte varer som tas med som handbagasje eller i flyttelass til privat bruk, er det gitt nokre unntak.
I forskrift om plantehelse § 19 og vedlegg 9 finn du reglane for kva som er unntatt kravet om plantesunnheitssertifikat.
Du kan ta med deg følgjande utan plantesunnheitssertifikat:
- 5 potteplanter (stueplanter), unntatt "forbodsplanter"
- 25 stk avskorne blomster
- 3 kg blomsterløk og blomsterknollar
- 50 porsjonspakningar av hagebruksfrø
- 10 kg frukt, bær og grønsaker, unntatt poteter
Det er viktig å merke seg at det med potteplanter meinas stueplanter, og ikkje planter for bruk på terrassen eller i hagen.
Potteplantene skal vere innkjøpte i eit europeisk land, dvs. i land som tilhøyrer det geografiske Europa. Dette inkluderer Spitsbergen, Jan Mayen, Kanariøyene, Madeira, Azorene, Kypros, Malta, Russland vest for 60 grader øst, men ikke Tyrkia, Aserbajdsjan, Kazakstan og Georgia.
For desse varene må du ha plantesunnheitssertifikat
Hovudregelen er at alle planter som importerast, skal ha plantesunnheitssertifikat.
Du må ha plantesunnheitssertifikat for
- varer som ikkje tas med som handbagasje eller i flyttelass
- varer som skal seljast eller gis bort i Norge
- større kvanta eller andre planter eller plantedelar enn det som er nemnt over
Sjå forskrift om plantehelse § 19 og vedlegg 5.
Det er viktig å merke seg at kravet om sunnheitssertifikat gjeld også for plantedelar som for eksempel podekvister, okulasjonsmateriale, stiklingar og avleggarar, greiner med bladverk med meir.
Du har heller ikkje lov til å innføre matpoteter til landet utan sunnheitssertifikat.
Melding til Mattilsynet
For dei fleste sendingar som krev plantesunnhetssertifikat, er det også krav om importen skal meldast inn til Mattilsynet. Dette gjeld også sendingar som er bestilte via internett.
Kva sendingar dette gjeld for er, beskrive i forskrift om plantehelse §23 og vedlegg 5a, blant anna skal alle importsendingar med planter meldast inn. All import av planter og smitteberande emne melder du inn i Mattilsynets skjemateneste. Her skal du både melde importsendinga inn på forhand (før varene er komne til mottaksstaden) og når du har mottatt sendinga og har gjennomført ein mottakskontroll utan å finne feil.
Slik gjør du
Import av planter og plantemateriale med mer
Dette skjemaet brukes for å melde inn sertifikatpliktige importsendinger av planter og plantemateriale med mer. Meldingen skal gis før importsendingen ankommer mottaksstedet.
Meldeplikten er regulert i Forskrift om planter og tiltak mot planteskadegjørere (lovdata.no) § 23.
Noen sertifikatpliktige varer er unntatt fra meldeplikten i § 23. Dette gjelder blant annet sendinger med snitt og frisk frukt, bær og grønnsaker.
For å få tilgang til meldeskjemaet må din virksomhet være registrert som importør hos Mattilsynet. Det gjør du i skjemaet Ny importør av planter og plantemateriale m.m.
Når en importsending er ankommet og mottakskontrollert, skal dette meldes til Mattilsynet i henhold til § 23d. I Mattilsynets skjematjenesten under menyen "Skjema" og "Mine påbegynte skjema" finner du en ny oppgave for å melde importsendingen ankommet og mottakskontrollert.
Unntaket fra dette er importsendinger med jord og gjødselvarer, for disse sendingene skal det ikke meldes fra til Mattilsynet etter at mottakskontroll er gjennomført.
For mer informasjon:
Brukerveiledning for innmelding av import av planter i skjematjenesten (PDF)
Mottakskontroll
Mottakskontrollen er ditt viktigaste tiltak for å hindre introduksjon og spreiing av planteskadegjerarar.
Dette inneberer å kontrollere at sendinga er i samsvar med importkrava. Du skal kontrollere at dokumenta som følger sendinga er riktige, at sendinga sitt innhald samsvarar med sertifikatet og at plantene i sendinga ikkje har teikn på planteskadegjerarar (skadegjerarar som det er forbod mot å innføre).
Å utføre ein god mottakskontroll krev kunnskap både om krav i regelverket og om relevante skadegjerarar. Har du ikkje slik kompetanse sjølv, kan du som importør avtale at nokon andre gjennomfører mottakskontrollen for deg. Den som eventuelt gjennomfører mottakskontrollen på dine vegne må vera registrerte i Mattilsynets skjemateneste som mottakskontrollør.
Plantar og frø og anna som det er forbode å importere til Noreg
Nokre planter, frø og anna er det forbode å importere.
Enkelte planteslag frå spesifikke geografiske område i verda er forbodne å importere til landet. Dette gjeld nokre plantar innan søtvierfamilien, jordbærplantar og anna.
Merk at forbodet også kan gjelde for plantedelar av desse planteslaga, som utløparar (f.eks. jordbær), knollar (f.eks. setjepoteter), podekvistar eller okulasjonsmateriale (f.eks. vertplantar for pærebrann), stiklingar, greiner med bladverk og anna. Du finn ei oversikt over forbodsplantane i vedlegg 3 i forskrift om plantehelse.
Det er også forbode å importere
- plantevernmiddel
- jord og organiske dyrkingsmiddel frå ikkje-europeiske land
- setjepoteter
- plantar og frø av plantar som inneheld narkotiske stoff
Etter forskrift om framande organismar under naturmangfoldlova, er det forbode å innføre, omsetje og setje ut fleire framande landplantar. Les meir på Miljødirektoratets heimeside (miljodirektoratet.no)
Eksempel på sjukdommar og skadedyr vi ikkje ønskjer i Noreg
Trass strenge restriksjonar på området, slit vi med uønskte konsekvensar av innvandra planter, skadedyr og sjukdommar som ikkje er naturleg heimehøyrande i Noreg.
Nokre har vi foreløpig klart å halde utanfor grensene, men det er ein dagleg kamp for at vi skal sleppe å få inn farlege eller økonomisk øydeleggjande skadedyr og sjukdommar.
Spesielt viktig er det å beskytte Noreg mot sjukdommar og skadedyr som angrip skogen vår, potet- og tomatavlingar, samt jordbær. Derfor er det også totalforbod for privatpersonar mot å ta med seg poteter og jordbærplanter frå utlandet. Forbodet gjeld også Sverige.
Her er nokre eksempel på sjukdommar og skadedyr vi ikkje ønskjer i Noreg
- Nye variantar av barkbiller: Det er stadig risiko for å innføre slike via emballasje på importerte produkt (pallar, trekassar osv.) men de kan også komme med nåletre frå infiserte områder. Det finst også ei rekke andre biller, nematoder og sopp som kan skade skogplanter for millionar av kroner dersom dei får spreidd seg i Norge. Og dei kan komme inn med ein enkel vedpinne frå eit infisert land.
- Pærebrann: Dette er en sjukdom som skadar eple- og pæretre, og som smitter via mellom anna mispelplantar. Mispel er blant de mest vanlege hekkplantene her i landet. Moglegheita for at smitte skal spreie seg er derfor stor. Det kan få store konsekvensar for fruktprodusentane i Noreg dersom sjukdommen får etablert seg.
- Potetcystenematode: Potetcystenematoden øydelegg potetavlingar totalt. Smittestoffet kan halde seg levande i jorda i 40 år.
- Skogbrunsnegle (også kalt Iberiasnegle): Denne sneglearten kom til Noreg som svært uvelkommen gjest truleg i importerte planteskolevarer.
Det er ikkje berre sjukdommar og skadedyr vi vil beskytte oss mot. Det finst mange eksempel på at framande planter har etablert seg hos oss. Gode eksempel er Lupin og Rynkerose (Rosa Rugosa). Problemet med desse er at dei lett fortrengjer norske artar.