Titandioksid i kosmetikk
Titandioksid er eit fargestoff som finst i naturen. Stoffet har mange bruksområde, og er tillate å bruke i kosmetikk og kroppspleieprodukt, med visse avgrensingar.
Du kan finne titandioksid i til dømes tannkrem, solkrem og leppestift. Det er ikkje lov å bruke titandioksid i matvarer.
Det er eit grunnleggjande krav at kosmetiske produkt skal vere trygge i bruk. Derfor set regelverket grenseverdiar for kor mykje titandioksid som kan brukast, avhengig av produktkategori. Avgrensingane skal sørgje for at produkta er trygge.
Titandioksid rommar mange stoff som har ulike eigenskapar sidan dei har ulike belegg, form og størrelsar. Tidlegare vurderingar har konkludert med trygge grenseverdiar basert på nokre former for titandioksid. Det finst andre former for titandioksid som det ikkje er gjort vurderingar på.
Det er ikkje lov å bruke titandioksid i matvarer. I 2022 forbaud EU bruken av titandioksid som mattilsetningsstoff etter at Den europeiske myndigheit for næringsmiddeltryggleik (EFSA) konkluderte med at stoffet kunne skade arvestoffet i cellene (DNA).
Er det trygt å bruke kosmetiske produkt med titandioksid?
For produkt berekna til bruk på huda som t.d. solkrem, sminke og fuktkrem, er det vurdert som trygt å bruke titandioksid både som fargestoff og UV-filter, med fastsette grenseverdiar. Titandioksid blir i svært liten grad tatt opp via huda.
Titandioksid skal ikkje brukast i produkt som kan medføre risiko for innanding. Det er fastsett eigne grenseverdiar og bruksvilkår for titandioksid til bruk i ansiktsprodukt i laus pudderform og i hårprodukt i aerosolform, slik at dei òg skal vere trygge ved normal bruk.
For orale produkt som tannkrem, munnvatn, leppestift o.l. som kan medføre utilsikta inntak, er det framleis usikkerheit knytt til om eksponering over tid kan føre til skadar på arvestoffet. Det er ingen akutt fare knytt til bruk av orale produkt.
Dersom du er bekymra for utilsikta inntak, for eksempel hos barn som til døme ikkje klarer å unngå å svelge ein del tannkrem, kan du velje produkt utan titandioksid. Sjå etter stoffet på innhaldslista av produktet som vil vere oppgitt som titandioksid, titanium dioxide eller som fargestoffet CI 77891.
Risikovurdering 2024: Manglar framleis nok data
I samband med at EU i 2022 forbaud bruken av titandioksid som mattilsetningsstoff, vart det gjort nye risikovurderingar av titandioksid i kosmetikk gjennom 2023 og 2024.
Den europeiske vitskapskomiteen for forbrukartryggleik (SCCS) evaluerte 84 ulike variantar, både pigments- og nanoformer, av titandioksid brukt i kosmetikk. Det kom først ei foreløpig vurdering i 2023, og så ei endeleg vurdering etter ytterlegare datainnsamling hausten 2024.
For dei fleste variantane manglar det nok data til å utelukke ein mogleg risiko for skade på arvestoffet. Men for to spesifikke pigmenttypar (RM09 og RM11) er det nok data til å utelukke denne risikoen.
SCCS påpeikar også at utilsikta inntak av titandioksid frå kosmetikk (som tannkrem og leppestift) er langt lågare enn eksponering gjennom mat.
Det er no opp til EU Kommisjonen å vurdere om det manglande datagrunnlaget i seg sjølv er grunnlag for å regulere pigments- og nanoformer av titandioksid ytterlegare, eller om det blir sett i gang ytterlegare forsøk på å samle inn og vurdere data.