Har du trygt vatn i brønnen?
Mange lurar på om brønnvatnet dei har er trygt å drikke. Sjå kva for nokre enkle forholdsreglar du kan ta for å sikre vasskjelda.
Nokre viktige tiltak er å fjerne forureiningskjelder i nærleiken, sørgje for god drenering rundt brønnen, føre jamleg tilsyn og vere merksame på endringar i vasskvalitet, smak eller lukt.
Moglege kjelder til forureining
Dette kan vere kjelder til forureining av drikkevatn frå brønn:
- avløpsanlegg
- utedo
- jordbruk/beitedyr/skogbruk
- lagring av olje / kjemikaliar
- industri/fyllingar/deponi
- busetnad
- ville dyr / fuglar
- vegtrafikk/vegsalting
- friluftsaktivitetar/camping
Når du etablerer drikkevasskjelde vil det vere fornuftig å plassere henne i god avstand frå potensielle forureiningskjelder. Generelt blir det tilrådd at avstand frå brønnen til slike aktivitetar bør vere minimum 100 meter, men du må gjere ei konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle.
Sikring av sjølve brønnen
Ved etablering av drikkevassbrønnar er det viktig å gjere tiltak for å sikre vasskjelda mot forureining. Dersom det ikkje er gjort sikringstiltak ved etableringa, kan ein òg gjere ein del forholdsvis enkle tiltak i etterkant.
Ved etablering av ein borebrønn i fjell bør det vere eit godt lag med lausmassar over fjellet. Meir enn 2,5–3 meter samanhengande lausmassar over fjell kan gi eit godt vern av grunnvatnet. Finare lausmassar, som leire og silt, vil gi eit ekstra godt vern mot forureiningar frå overflata.
Brønnar bør ikkje plasserast i flaumutsette område. Kontrollar òg at brønntopp/kum står godt over bakkenivå, ca. 40 cm, slik at det ikkje er fare for at ureint overflatevatn kan renne rett ned i brønnen. Det bør òg vere drenering og fall bort frå brønnen, slik at det ikkje kan samle seg vatn rundt brønntopp/kum.
For borebrønnar i fjell bør det vere tette fôringsrøyr dei øvste meterane, der det vanlegvis er mest sprekkdanning i berggrunnen.
Borebrønnar må ha tett lokk over brønntoppen, og kan òg gjerne sikrast med tett kum med tett lokk. Gravne brønnar bør sikrast med tett kum med tett lokk, slik at ikkje smådyr, rusk og rask kan komme ned i brønnen og medføre forureining. Eventuelle lufterøyr bør ha svanehals, og sikrast med finmaska netting.
Brønnar kan òg sikrast ved å byggje eit lite brønnhus rundt vasskjelda, men hugs òg då å sikre mot til dømes mus og fuglar. Inngjerding av brønnområdet kan òg vere fornuftig, spesielt i område med mykje beitedyr.
Jamleg tilsyn med brønnen
Kontrollar gjerne nokre gonger i året at det ikkje har skjedd noko i, eller i nærleiken av drikkevassbrønnen. Sjekk at brønntoppar og lokk er heile og tette, at det ikkje ligg noko nede i brønnen, og at det ikkje har skjedd noko i nærleiken som kan forureine vatnet. Eit slikt ettersyn bør minimum gjerast kvar vår når snøen har gått, og kvar haust før frosten kjem.
Plutselege endringar, eller varierande vasskvalitet gjennom året
Dersom vasskvaliteten frå ein brønn varierer gjennom året, eller plutseleg endrar seg, kan dette tyde på at det blir tilført ureinsa overflatevatn til brønnen, eller at brønnen dreg inn grunnvatn med ein annan kvalitet enn før. Ofte kan du merke variasjonar ved at vatnet plutseleg har meir farge, blir grumsete, smaker og/ eller luktar annleis enn det pleier. Du vil ikkje kunne merke på lukta, smaken eller utsjånaden til vatnet om vatnet òg inneheld mikroorganismar som kan medføre helsefare. Dersom du merkar at vasskvaliteten endrar seg, bør du derfor undersøkje brønnen/leidningsnettet for å sjå om det kan ha skjedd noko der, og du bør ta ein vassprøve for å undersøkje om vatnet er trygt å drikke utan koking.
Send vassprøve til laboratorium?
Vi tilrår at du kvart sommarhalvår sender ein vassprøve til analyse hos eit laboratorium for å avdekkje eventuell forureining. Det finst fleire private laboratorium som kan analysere drikkevatnet. Det er viktig at du nyttar prøveflaskene til laboratoriet eller det dei tilrår. Kontakt derfor laboratoriet før du tek vassprøven. Presiser i bestillinga det du ønskjer å få sjekka i vatnet, eller be laboratoriet om råd. Eit minimum er analysar for bakteriane E. coli og intestinale enterokokker.
Viss brønnen forsyner fleire enn ein bustad med drikkevatn er dette eit vassforsyningssystem. Då er du pålagd å ta prøvar i samsvar med krava i drikkevassforskrifta (lovdata.no).
Vanlege problemstillingar for vasskvalitet frå brønnvatn
Bakteriologisk kvalitet
Vanlegvis vil ein analysere for heterotroft kimtall 22 °C, koliforme bakteriar og E. coli (Escherichia coli) for å vurdere innhaldet av bakteriar i vassprøven.
Koliforme bakteriar er ei brei gruppe av bakteriar som finst naturleg i jord, vegetasjon, og i tarmane til varmblodige dyr, inkludert menneske. E. coli er ein spesifikk art innan gruppa av koliforme bakteriar, og ei undergruppe av dei fekale koliforme bakteriane (tarmbakteriane).
Dersom koliforme bakteriar blir påviste i vassprøven, indikerer det ei mogleg forureining, men er ikkje nødvendigvis ein direkte trussel mot menneskes helse.
Dersom det òg blir påvist E. coli, tyder det i tillegg på at det er snakk om ganske fersk forureining, og vatnet kan då også innehalde andre tarmbakteriar som kan skape sjukdom hos menneske. E. coli er ein spesifikk art som er ein meir presis indikator på forureining frå avføring og potensiell risiko for menneskes helse. I tillegg kan ein analysere for intestinale enterokokker for å undersøkje om det kan finnast smittestoff i vatnet med betre overlevingsevne enn til dømes E. coli. Påvising av intestinale enterokokker indikerer at det òg kan vere andre smittestoff til stades, som kan overleve ganske lenge i vatnet. Dette gjeld til dømes virus og tarmparasittar.
Dersom det blir funne tarmbakteriar i vatnet, bør ein ikkje bruke det som drikkevatn utan å koke det først.
Ein enkelt prøve vil ikkje vere nok til å gi eit komplett bilete av den bakteriologiske kvaliteten på vatnet, men det kan gi eit situasjonsbilete av tilstanden då vassprøven blei teken. Viss ein vil ha eit meir komplett bilete av tilstanden, bør det takast fleire prøvar, helst i dei ulike årstidene og ved ulike vêrforhold.
Fluor
Innhaldet av fluor kan vere forholdsvis høgt i ein del djupe borebrønnar i fjell. I små mengder førebyggjer fluor hol i tennene, men større mengder kan skade tenner og beinbygning, spesielt hos små barn.
Radon
Radon er ein radioaktiv gass som kan givast til lufta innandørs. I ein del djupe borebrønnar i fjell er det påviste mykje radon. Bruk av radonhaldig vatn kan gi eit stort bidrag av radon til inneluft. Det er påvist at radon gir auka risiko for lungekreft ved innanding av radonhaldig luft. Vatn kan òg gi dosar til kroppen ved inntak, men dosane ved å drikke radonhaldig vatn er små i forhold til dosane ved inhalasjon. Radongassen kan forholdsvis enkelt fjernast frå vatn ved lufting av vatnet. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik og enkelte firma som tilbyr måling av radon i inneluft vil òg kunne utføre målingar av radon i vatn.
Nitrat/ nitritt
I vatn frå enkelte grunne brønnar i jordbruksintensive område kan innhaldet av nitrat vere så høgt at det kan representere ein helserisiko for brukarane, spesielt for små barn. Høgt innhald av nitritt i vatnet kan indikere fersk kloakkforureining.
Jern og mangan
Jern og mangan har lita betydning for helsa i drikkevassamanheng, men ved store mengder kan dei gi store bruksmessige ulemper, som dårleg smak på vatnet og misfarging av klesvask og sanitærutstyr.
Hydrogensulfid
Denne gassen er illeluktande og giftig sjølv i små mengder. Lukta kan minne om ròtne egg. Gassen har så ubehageleg lukt at ein ikkje vil orke å drikke vatnet.
Hardt vatn
Hardt vatn kjem av høgt innhald av kalsium og magnesium i vatnet. Dersom ein har hardt vatn, kan ein merke at såpa ikkje skummar like mykje som i "blautt" vatn. Nokon kan òg oppleve at det blir danna belegg (kjelestein) på varmeelement i til dømes kaffitraktarar og trykkvarmarar, noko som kan føre til at desse får kortare levetid pga. overoppheting.
Korrosivt vatn
Korrosivt vatn / aggressivt vatn er vatn som kan verke tærande på leidningsnett, armatur og andre installasjonar. Korrosjonen kjem av eit komplekst forhold mellom mellom anna pH-en til vatnet, oksygeninnhald, karbondioksidinnhald, hardleik, temperatur og alkalitet. Vatnet kan verke tærande på ulike typar vassleidningar og armatur, og kan dermed føre til at ulike stoff blir løyste ut i vatnet. Korrosjonsangrep på leidningar av kopar fører til at kopar blir løyste ut i vatnet. Dersom ein har lyst hår kan ein oppleve å få grønskjer i håret etter dusjing i vatn med høgt koparinnhald. Også klesvask og sanitærutstyr kan bli misfarga.
Høgt koparinnhald kan òg representere ein viss helserisiko. Koparinnhaldet vil vere høgast i vatn som står i røyra (utsetjingsvatn), og det er uansett eit godt tips å tappe vatnet ei stund før ein nyttar kranvatnet til drikke og matlaging. Varmtvatnet bør aldri nyttast ved tillaging av mat eller drikke.