Kva ostar kan gravide, eldre og personar med nedsett immunforsvar ete?

Er du i risikogruppa vil det vere mange ostar du kan ete, men enkelte ostar blir det anbefalt at du styrer unna. Årsaka til dette er listeriabakterien, som er farleg for personar i risikogruppa.

Publisert

I nokre ostar trivst listeriabakterien og kan vekse, mens i andre ostar trivst han ikkje og kan derfor etast av personar i risikogruppa. I ostejungelen kan det vere vanskeleg å vite kva ost som er trygg, og vi ønsker å hjelpe deg til å velje rett.

Dei fremste risikogruppene for sjukdom på grunn av listeriabakterien er gravide, eldre og personar med nedsett immunforsvar på grunn av f. eks. kreft, diabetes eller AIDS.

Listeriabakterien kan gi den alvorlege sjukdommen listeriose. Sjansane for å bli smitta av listeriabakterien er svært låge, men følga av smitte kan vere svært alvorlege - også dødelege.

VelUnngå
Fast ost av pasteurisert eller rå mjølk (upasteurisert mjølk), f. eks. parmesan, grana padano, gruyère og emmentalarMuggost som brie, camembert, gorgonzola, chèvre, roquefort. Dette gjeld både for ostar av rå mjølk (upasteurisert mjølk) og pasteuriserte mjølk
Halvfaste ostar av pasteurisert mjølk som gaudaostar (gulost)Halvfaste ostar av rå mjølk (upasteurisert mjølk)
Smelteost, som baconost og skinkeostKittost som Vacherol, taleggio, munster, Saint Albray, Livarot, Pont-l'*Evêque, Le Vieux Pané. Dette gjeld både for ostar av rå mjølk (upasteurisert) og pasteuriserte mjølk
Smørjeostar av pasteurisert mjølk, som er nyopnaFerskostar og andre mjuke ostar av upasteurisert mjølk
Konservert fetaost og tilsvarande salatostar av pasteurisert mjølk t.d. på glas i olje, og som er nyopnaFetaostar av rå mjølk (upasteurisert mjølk)
Brunost og prim

Rå mjølk (upasteurisert mjølk)

Rå mjølk bør varmebehandlast

Korleis kan eg vite om ein ost er pasteurisert eller ikkje?

Osteprodusentane i Noreg og EU er pålagde å merke ostar produserte av rå/upasteurisert mjølk utan varmebehandling med ”Framstilt av ikkje-pasteurisert mjølk” eller ”Framstilt av rå mjølk”. Mange forkortar denne merkinga til ”Upasteurisert/rå mjølk”.

Opplysingane finst ofte i ingredienslista, men det kan også stå andre stader på emballasjen.

Spør produsenten om du er usikker

Er du usikker på eit osteprodukt, kan du ta kontakt med produsenten eller importøren for å forhøyre deg. Det er produsentane som kjenner produkta best, og det er også deira ansvar å sikre at maten dei produserer er trygge.

Du kan ete alle ostar når dei blir brukte i varm eller oppvarma mat

Listeriabakterien blir drepen ved varmebehandling. Alle ostar er difor trygge når dei er varmebehandla til over 70 grader. Det vil seie at alle typar ost brukte på pizza og eller som ingrediens i varme sausar er trygge å ete,