Ikkje et fisk eller drikk vatn frå ferskvatn nær flyplassar
Mattilsynet åtvarar mot å ete fisk og drikke vatn frå ferskvatn og vassdrag i nærleiken av flyplassar. Årsaka er at fisken og vatnet kan vere forureina med fluorhaldige stoff (PFAS) frå brannsløkkingsskum. PFAS er ikkje akutt helsefarleg, men kan over tid auke risikoen for skadelege effektar på immunsystemet.
PFASer er syntetiske stoff. Fleire av dei blir svært brotne langsamt ned i naturen, hopar seg opp i kroppen og kan vere helseskadelege. Dei kan blant anna svekke vaksineresponsar og vernet mot infeksjonar.
Vi toler mindre PFAS enn venta
Nye berekningar frå det europeiske mattryggleiksorganet EFSA viser at vi toler mindre PFAS enn det ein tidlegare har gått ut frå, og at meir enn halvparten av den europeiske befolkninga får i seg PFAS-mengder gjennom mat og drikke som overskrid tolegrensa. Folkehelseinstituttets berekning for norsk kosthald bekreftar EFSAs vurdering. Å få i seg vatn eller fisk som er forureina med PFAS etter avrenning frå flyplassar vil derfor auke risikoen ytterlegare for helseskade.
PFAS brukt i brannsløkkingsskum på flyplassar
PFAS er brukt i brannsløkkingsskum på flyplassane. Sjølv om fleire av stoffa nå er forbodne, kan dei vere i miljøet rundt flyplassane i lang tid. Det er ikkje gjort målingar i ferskvatn rundt alle flyplassar. Likevel finst det nok data til at Mattilsynet er bekymra for nivåa rundt alle flyplassar.
Kva er nær flyplass?
Det er inga eksakt grense for kva som er «nær» ein flyplass. Det avheng blant anna av terrenget, størrelse på vassdraget og avrenning frå flyplassen. PFAS blir spreidd med grunnvatn og overflatevatn frå brannøvingsfeltet til vassdrag. Lenger ned (nedstraums) i vassdraget vil avrenninga frå flyplassen bli fortynna av andre vatn, og konsentrasjonane i fisk og vatn vil vere lågare.
Trygt vatn i springen
Åtvaringa gjeld ikkje for drikkevatn frå vassverk. Her er det krav til behandling og kontroll, og vatnet skal vere trygt å drikke.