Sjampinjong bør varmebehandlast

Sjampinjong inneheld eit biologisk giftstoff som heiter fenylhydrazin. Undersøkingar tyder på at dette stoffet kan vere kreftframkallande.

Publisert

Forsøk har vist at ulik varmebehandling reduserer innhaldet av fenylhydrazin i varierande grad. Du bør ikkje ete sjampinjong rå, for eksempel i salat.

Avkok sjampinjong før steiking

Vil du redusere giftnivået mest mogleg, bør du varmebehandle soppen ved avkoking før du steiker han. Det betyr at du ikkje bør ete rå sjampinjong.

Ved avkoking legg du soppen i kaldt vatn, koker opp og let soppen koke i ca 10 min. Kokevatnet skal alltid kastast.

Hell av laken frå hermetiske sjampinjongar

Bruker du hermetiske sjampinjongar i matretter, bør du ikkje bruke laken i sjampinjongboksen til kraft. Hell av laken før bruk.