Ta ansvar for drikkevatnet ditt
Vassverka legg mykje arbeid i å sikre at du får godt vatn i springen. Dette er du med på å betale gjennom vatn- og avløpsgebyret. For at dette arbeidet ikkje skal miste noko av sin verdi, så er det viktig at du som abonnent er klar over at du òg har eit ansvar.
Dei fleste av oss tar det for gitt at vi har nok og reint drikkevatn i Noreg. Vi må likevel òg ta eit ansvar sjølv. Det kan vi gjere ved å ta godt vare på drikkevasskjeldene våre, og ved å stille krav til vassverket om å dokumentere at dei tilfredsstiller dei krava og forventningar som gjeld.
Installer tilbakestrømningsbeskyttelse
Straks du koplar utstyr til vassleidningane i bustaden eller annan stad, så utgjer det ein viss risiko. Risikoen er at det kan bli ført stoff frå vasskoplinga di og ut på det offentlege drikkevassnettet, slik at det kjem inn i vatnet til andre abonnentar.
Det er dessverre mange døme der dette har skjedd, sjølv om det er sjeldan nokon har blitt svært sjuke. Men det finst døme på at både avløpsvatn og vatn tilsett medisinar til dyr har blitt tilførte vassleidningane.
For å unngå slike uhell må det monterast ein ventil som hindrar tilbakestrømning. Denne må monterast mellom vassleidningen og det utstyret som blir montert. Ta kontakt med røyrleggjar for nærmare rettleiing om utstyr.
Vassverksseigarar tek vassprøvar
Alle vassforsyningssystem har ein vassverkseigar, og vassforsyningssystem kan vere alt frå store anlegg til veldig små som berre leverer drikkevatn til to bustader.
Regelverket for vassforsyning og drikkevatn gir eit minimumskrav til talet på vassprøvar som må takast i dei ulike vassforsyningssystema av ulik storleik. Det er vassverkssigeren som er ansvarleg for at vassprøvane blir tatt. Mattilsynet fører tilsyn med at vassprøvane blir tatt slik regelverket krev.
Nasjonale mål for vatn og helse
Både vassverka og Mattilsynet arbeider for at drikkevatnet skal vere trygt. I tillegg har Regjeringa vedteke nokre mål som ramma styresmakter skal arbeide for å nå. Desse blir kalla "Nasjonale mål for vatn og helse". Mattilsynet har laga ein informasjonsvideo om kva vassverka gjer for å gi deg trygt drikkevatn, og kva krav og rettar du har som forbrukar.
Sjå video frå Mattilsynet: