Bruk av skjematenesta
Alle som har verksemd i matkjeda frå jord/fjord til bord skal vere i Mattilsynet sitt register.
Du har sjølv ansvaret for å melde inn verksemda før du startar opp. Sjølv om du søkjer produksjonstilskot må du melde inn verksemda. Det er ikkje automatisk registrering.
Ein fordel for deg ved bruk av skjematenesta er at du kan sjå kva vi har registrert på di verksemd. Du kan og sjå kva saker du har sendt inn og kva status dette har hos oss.
- Mattilsynets skjematjenester
- Slik bruker du Mattilsynets skjematjeneste (video, Youtube.com)
- Brukerveiledning for pålogging til Mattilsynets skjematjenester (PDF)
Når du bruker skjematenesta
- Du bruker ID-porten for å logge deg inn
- Du må velje at du skal rapportere for bedriftsorganisasjons-nummeret ditt. Dette er vanlegvis ikkje det same som føretaksorganisasjons-nummeret. (Les rettleiingsteksten inne i skjematenesta)
Det kan vere vanskeleg å vite kva for skjema og kva val ein skal gjera ulike stader. Vi set difor opp nokre eksempel på riktige kombinasjonar. Du skal sende inn eitt skjema for kvar aktivitet:
- Viss du baker brød og sel dette frå eigen butikk skal du sende skjema "Ny næringsmiddelvirksomhet" to gonger. Eitt skjema for bakeriverksemda (Produksjon av baker og konditorvarer) og eitt skjema for butikkverksemda (Detaljomsetning og servering).
- Viss du fiskar og sel fisken vidare skal du sende inn skjemaet "Ny primærproduksjon og transport av fiskerivarer…." og "Ny næringsmiddelvirksomhet".
Etter at du har valt type aktivitet skal du velje produksjonsform. Det kan vere at du skal velje fleire produksjonsformer for same aktivitet.
Skal du drive ei mindre verksemd med animalske varer, og du vel å registrere verksemda i staden for å søkje godkjenning, skal du berre velje produksjonsforma som heiter "lokal og marginal omsetning". For type produkt er det då eigne avkryssingsboksar.
Eksempler på skjema
Du gjer | Skjema | Type aktivitet | Produksjonsform |
Produserer produkt av innlandsfisk | Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer | Mottak, slakting og produksjon av fiskerivarer og muslinger m.m. | Produksjon av spiseferdige næringsmidler. | Produksjon av fiskerivarer og muslinger m.m. - lokal og marginal omsetning (registreringspliktig). Foredling – fiskerivarer (godkjenningspliktig).
Fiskar | Ny primærproduksjon og transport av fiskerivarer og muslinger m.m. | Fiske | Fiske |
Produserer mjølkeprodukt | Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer | Produksjon av meieriprodukter | Produksjon av spiseferdige næringsmidler. | Produksjon av melkeprodukt – lokal omsetning (registreringspliktig) - eller Velg type produkt (godkjenningspliktig).
Produserer kjøttprodukt | Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer | Produksjon av kjøtt og kjøttprodukter | Produksjon av spiseferdige næringsmidler. | Produksjon av kjøtt og kjøttprodukter – lokal og marginal omsetning (registreringspliktig) - eller Velg type produksjon (godkjenningspliktig).
Bakar brød/flatbrød | Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer | Produksjon av baker- og konditorvarer | Produksjon av ferske bakervarer / Produksjon av tørre bakervarer |
Sel vilt, fersk fisk, honning, egg. Serverer eller sel mat. | Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer | Detaljomsetning og servering av mat og drikke | Omsetning av animalsk råvare direkte fra produsent (vilt, fisk, honning, egg). Gårdsutsalg, Restaurant og kafé, og fleire. Du skal legge til alle aktuelle produksjonsformer |
Serverer eller sel mat på bondens torg, marknader, festival, fruktbod langs vegen mv. | Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer | Detaljomsetning og servering av mat og drikke | Kortvarig salg av mat. Mobilt salg av matvarer. Mobilt salg av fiskerivarer. |
Dyrkar grønsaker, frukt, bær mv., inkludert sortere, vaske, trimme og pakke | Kontakt ditt lokale mattilsyn for registrering | Primærproduksjon, planter, mat og fôr | Frukt og bær, Grønnsaker, Potet |
Bearbeider vegetabil – skrelle, dele, foredle, pakke med pakkegass, pakke på fellespakkeri | Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer | Mottak og produksjon av vegetabiler | Fleire val – legg til alle aktuelle produksjonsformer |
Sankar ville vekster, t.d. urter, sopp og bær | Kontakt ditt lokale mattilsyn for registrering | Sanking | |
Har eiga vasskjelde og bruker over 10 m3/døgn | Registrere vannforsyningssystem | ||
Har eiga vasskjelde og bruker under 10 m3/døgn | Registrere små vannforsyningssystem |