Marknadsføring av matvarer på internett via REKO-ringar
Her finn du informasjon om kva reglar som gjeld når du omset matvarer via REKO-ringar eller liknande.
I ein REKO-ring blir matvarene annonserte via lukka grupper på Facebook der salet blir avtalt. Kundane bestiller på internett og får matvarene levert til avtalt tidhttp://www.lovdata.no/all/nl-19900518-011.html og stad.
Det er lagt til grunn at det skal vere direkte overlevering mellom produsent og forbrukar.
Registrering eller godkjenning
Alle som driv næringsmiddelverksemd, skal anten registrere verksemda eller søkje om godkjenning. Hovudregelen er at matproduksjon av animalske råvarer skal vere godkjend. Viss du er detaljist, kan du likevel selje produkta dine til andre detaljistar under visse føresetnader, utan at du treng godkjenning.
Registrering og godkjenning av næringsmiddelverksemder
Hygienekrav ved produksjon og omsetning av næringsmiddel
Hygieneregelverket har som formål å sikre forbrukaren trygg mat. Det er grunnleggjande hygienekrav som gjeld alle former for handtering av næringsmiddel, og krav om at du har rutinar som sikrar at reglane blir følgde i den daglege drifta. Dersom du vel å produsere eller omsetje næringsmiddel, har du ansvaret for å følgje krava i forskriftene.
Drikkevatn frå eiga vasskjelde
Du er ansvarleg for at vatnet du bruker i næringsmiddelverksemda di er trygt. Har du eiga vasskjelde, er du å rekne som vassverkssiger og må sjølv dokumentere kvaliteten på vatnet. Du må også registrere drikkevasskjelda di hos Mattilsynet.
Reglane for drikkevatn frå eiga vasskjelde i samband med produksjon av lokalmat.
Lagring og transport av næringsmiddel
Næringsmidla må lagrast på eigna måte. Det betyr at dei må vernast mot forureining og lagrast ved temperaturar som sikrar haldbarheita. Matvarer som blir omsette ved utlevering til kunde på avtalte stader, bør i hovudsak vere ferdigpakka før transport til utleveringsstaden. Dette gjeld spesielt matvarer som lett blir bederva, som til dømes kjøtt-, fiske- og mjølkeprodukt.
Frukt, bær og grønsaker som ikkje er oppdelte eller omarbeidde, kan transporterast og blir omsett som uemballerte, føresett at dette går føre seg på ein forsvarleg måte. Det er viktig å verne næringsmidla mot forureining under transporten, og for kjølevarer må kjølekjeda haldast heilt fram til utlevering.
Merking og informasjon til forbrukar
Det skal vere lett for forbrukaren å lese og forstå kva maten inneheld og korleis han skal lagrast og blir handtert. Ved marknadsføring av matvarene på internett skal forbrukaren få informasjon om varet før hen vel å bestille. Kravet regelverket har til informasjon avheng av om matvara blir seld ferdigpakka eller uemballert.
Opplysingar på nettsida for ferdigpakka mat
For ferdigpakka matvarer skal informasjonen på nettsida vere omtrent den same som på sjølve matvara, nemleg:
- Varenemning
- Ingrediensliste (i fallande orden)
- Stoff som kan framkalle allergiar eller intoleranse (sjå under)
- Mengdeopplysingar om ingrediensar (ikkje alltid nødvendig)
- Nettoinnhald
- Haldbarheitsdato eller siste forbruksdato (må oppgivast seinast ved utlevering)
- Særlege vilkår for oppbevaring og/eller bruk (når det er nødvendig)
- Namn eller forretningsnamnet og adressa til den ansvarlege næringsmiddelverksemda
- Opphavsmerking når det er krav om det (ferskt kjøtt av storfe, småfe, svin og fjørfe)
- Bruksrettleiing (når det er nødvendig)
- Alkoholstyrke for drikker med >1,2 volumprosent alkohol
- Næringsdeklarasjon (kan vere unntak)
Denne informasjonen skal også vere merkt på det ferdigpakka produktet. Det er viktig å vere klar over at haldbardato eller siste forbruksdato alltid skal vere med i merkinga på sjølve produktet.
Opplysingar på nettsida for uemballert mat
Det må minimum opplysast om eventuelle allergen i produktet (punkt 3 over). Dette gjeld følgjande ingrediensar:
- Kornslag som inneheld gluten (nokre unntak)
- Skaldyr og produkt framstilte av skaldyr
- Egg og produkt framstilte av egg
- Fisk og produkt framstilte av fisk (nokre unntak)
- Peanøtter og produkt framstilte av peanøtter
- Soyabønner og produkt framstilte av soyabønner (nokre unntak)
- Mjølk og produkt framstilte av mjølk (under dette laktose) (nokre unntak)
- Nøtter, type nøtter skal oppgivast
- Selleri og produkt framstilte av selleri
- Sennep og produkt framstilte av sennep
- Sesamfrø og produkt framstilte av sesamfrø
- Svoveldioksid og sulfitt (avhengig av konsentrasjonar)
- Lupin og produkt framstilte av lupin
- Blautdyr og produkt framstilte av blautdyr
Meir informasjon om merking av mat
Rettleiing om god opplysingspraksis (PDF).
Regelverk
Forskrift om næringsmiddelhygiene
Kilde: Lovdata.no