Noreg har felles reglar med EU om ny mat

Ny mat-forskrifta inneheld reglar for omsetning av ny mat. Forskrifta gjer EUs forordningar gjeldande i Noreg.

Publisert

Ny mat-forskrifta

Ny mat-forskrifta er ei tilvisingsforskrift. Det betyr at EUs forordningar om ny mat er tatt inn i forskrifta i sin heilskap, og at det er i forordningane du finn dei spesifikke føresegnene.

Norsk omsetting av alle forordningane finn du som hjelpetekst i ny mat-forskrifta. Hjelpeteksten er berre til informasjon, og er ikkje ein del av forskrifta.

Hovudforordninga

Forordning (EU) 2015/2283 om ny mat er hovudforordninga. Her finn du definisjon av ny mat, krav til omsetning av ny mat og framgangsmåtar for godkjenning av ny mat. Forordninga tredde i kraft 1. januar 2018.

Gjennomføringsforordningar

Det er gitt nærmare reglar om ny mat i såkalla gjennomføringsforordningar:

  • Forordning (EU) 2017/2470 - unionslista over ny mat. Unionslista over ny mat blir endra ved nye forordningar.
  • Forordning (EU) 2018/456 gir nærmare reglar om prosedyrane for konsultasjonsprosessen for avgjerd av ny mat-status.
  • Forordning (EU) 2017/2469 gir detaljerte krav til innhald i søknader om godkjenning av ny mat etter artikkel 10 i forordning (EU) 2015/2283, korleis søknaden skal presenterast, og korleis han skal behandlast av EU-kommisjonen og EFSA.
  • Forordning (EU) 2017/2468 gir detaljerte krav til innhald i meldingar og søknader om godkjenning av tradisjonell mat frå tredjeland, korleis dei skal presenterast, og korleis dei skal behandlast av EU-kommisjonen og EFSA.

Les meir

Om ny mat på EU-kommisjonen sine nettsider