Høgtrykkspasteurisering
Ved bruk av høgtrykkspasteurisering i produksjonen av næringsmiddel må det vurderast i kvart enkelt tilfelle om næringsmiddelet fell inn under ny mat-forordninga.
Viss bruk av høgtrykkspasteurisering ikkje fører til vesentlege endringar i samansetninga eller strukturen til næringsmiddelet som påverkar næringsverdien, metabolismen eller innhaldet av uønskte stoff, så vil produksjonsmetoden i desse tilfella ikkje reknast som ny.
Verksemda må undersøke korleis metoden påverkar sluttproduktet.