Registrering av næringsmiddelverksemd
Registrering betyr at Mattilsynet skal ha melding om at du driv næringsmiddelverksemd, kor verksemda ligg og kva som er aktivitetane til verksemda.
Dette er viktig for at Mattilsynet skal kjenne til verksemda og ha høve til å gjennomføre inspeksjonar.
Dersom du produserer eller haustar råvarer som skal brukast til mat, er dette ei næringsmiddelverksemd med primærproduksjon som du skal registrere. Du må óg registrere verksemda di om du driv du med servering, gardsbutikk, produserer mat som t.d. syltetøy, saft, brød og lefser.
Du treng ikkje registrere deg dersom du berre av og til leverer overskotet av råvarer frå primærproduksjon direkte til sluttforbrukar, eller er jeger som sel heile eller grovdelte slakt av viltlevande vilt.
Slik gjer du
Registrering av næringsmiddelverksemd
Du skal vere registrert eller godkjent hos Mattilsynet om du importerer, håndterer, lagrar eller omset næringsmiddel.
Du registrerer deg ved å bruke skjemaet "Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer" i Mattilsynet si skjemateneste.
Skjemaet skal også brukast dersom du vil utvide aktiviteten i ei allereie eksisterande verksemd og starte med ein ny aktivitet som ikkje er registrert.