Viltkjøtt
Innhald på denne sida
Råd om hygiene ved utslakting
Jegeren sjølv, og utstyr som blir nytta (til dømes kniv), er den største potensielle forureiningskjelda.
Viss du ikkje er frisk, overlat utslakting til andre.
Dette bør du som jeger tenkje på ved utslakting:
- Byrj med grundig handvask. Viss du er i felt og ikkje har tilgang på reint vatn, er plasthanskar og våtserviettar eit alternativ. Hugs å skifte hanskar når dei blir skitne.
- Bruke éin kniv til å sprette opp skinnet ved uttak av indre organ og ein ny, rein og desinfisert, kniv når du flår eller deler slaktet. Då hindrar du at bakteriar blir overførte via kniven frå skinn, klauver etc, til kjøtte.
- Ta ut bryst- og bukhuleorganer, unnateke nyrene, fortast mogleg. Det er spesielt viktig å få ut vom og innvolar utan at dei blir stukne hol på.
- Lær deg korleis du tek ut endetarmen med ein rein plastpose etter at han er ringd ut. Då hindrar du at slaktet blir tilsølt med tarmbakteriar.
- Oppbevar organa i nett, striesekk eller papirsekk.
- Flå slakta hengjande. Flåingen blir då meir nøyaktig og du hindrar at kjøttet blir tilsølt med bakteriar frå skinnet.
- Ved lufttemperatur på over 8º C bør slaktet fraktast raskt til eit kjølerom. Pass på at skrotten ikkje blir forureina av tilhengjar, presenning eller liknande. Bruk gjerne viltpose.
- Rask nedkjøling er spesielt viktig når kjøtt skal henge til modning. Sperr ut kroppshòlene for best mogleg luftsirkulering. Store oksar bør snittast opp i nakkemuskulaturen.
- Modne kjøtte i lokale der skadedyr (insekt, gnagarar, fuglar) ikkje kan komme inn. Er det ikkje mogleg, bruk viltpose.
Du kan ta kurs i foredling av viltkjøtt: Foredling av hjorteviltkjøtt – Skogkurs (skogkurs.no)
Vilt skoten med blyhaldig ammunisjon
Dersom viltet er skote med blyhaldig ammunisjon, må alt skadd vev og 10 ekstra centimeter i radius rundt skotkanalen blir fjerna for at kjøttet skal kunne betraktast som trygt. Hugs at du ikkje bør gi dette kjøttet til hunden heller.
Dette gjeld uavhengig av om jegeren skal bruke alt kjøttet i eige hushald, om det skal givast bort, eller seljast vidare til private eller til bedrifter
Begrens inntaket av viltkjøtt med blyrestar
Vilt skoten i mage eller tarm
Vilt skoten i vom eller i tarm er ikkje eigna som mat fordi kjøttet blir forureina med mage eller tarminnhald. Mattilsynet godkjenner ikkje dyr som er skote i vom eller tarm, og du kan ikkje selje det.
Feltkontrollørordninga
Hovudregelen er at alt hjorteviltkjøtt som skal omsetjast må kontrollerast av Mattilsynet på eit viltbehandlingsanlegg.
Feltkontrollørordninga er eit unntak frå hovudregelen. Feltkontrollørordninga betyr at jegerar kan utdanne seg til kompetent jeger/feltkontrollør.
Feltkontrollørkurs for hjorteviltjegerar
Tre kursaktørar i Noreg arrangerer Feltkontrollørkurs for hjorteviltjegerar. Kurset går over éin dag og gir jegerar kompetanse i å vurdere om kjøtt tilfredsstiller hygieniske krav og om det stammar frå eit friskt dyr. I tillegg lærer dei om kva kontrollkrav som blir stilte dersom hjorteviltkjøttet skal omsetjast vidare, det vil seie seljast eller blir gitt bort.
Jegerar som har delteke på kursa oppfyller dei krava som regelverket stiller og kan kalle seg "kompetent jeger" eller «feltkontrollør». Desse to omgrepa er synonyme. Feltkontrollørar kan utskrive ei erklæring om at ein hjorteviltskrott ikkje har feil. Ved tvil skal dei ta kontakt med Mattilsynet for grundigare vurdering.
Feltkontrollørkurs blir arrangert av
Skogbrukets kursinstitutt har utarbeidd ei bransjeretningslinje for feltkontrollørar, og ho kan bestillast direkte frå dei.
Krav når viltkjøtt skal seljast eller givast bort
Frå 1. juli 2022 kontrollerer Mattilsynet ikkje slakt på viltkontrollstader. Mattilsynet kontrollerer berre vilt på godkjende viltbehandlingsanlegg.
Les meir om kva det inneber at Mattilsynets bruk av viltkontrollstader har stansa
Liste over godkjende viltbehandlingsanlegg
Hjortevilt
I omgrepet «hjortevilt» inngår dyreartane elg, hjort, rådyr, dåhjort og rein.
Hjorteviltkjøtt kan omsetjast på tre måtar:
Hovedregel: Lever til godkjent viltbehandlingsanlegg
Hjorteviltet blir levert til eit godkjent viltbehandlingsanlegg der Mattilsynet kontrollerer slaktet og påfører godkjent hjorteviltkjøtt eit ovalt stempelmerke. Hjorteviltkjøttet kan deretter omsetjast i heile EU/EØS-området. Denne kontrollen kan skje med eller utan innleiande undersøkingar gjort av kompetent jeger/feltkontrollør.
Desse organa må følgje med slaktet inn til viltbehandlingsanlegget:
- Hjortevilt som er feltkontrollerte – indre organ treng ikkje følgje med.
- Hjortevilt som ikkje er feltkontrollerte – indre organ må følgje med inn dvs. hjarte, lunge, lever, nyre, milt og hovud.
Feltkontrollørordninga
Hjorteviltet blir undersøkt av ein feltkontrollør etter felling. Dersom dyret verka normalt og friskt før fellinga, det ikkje blir observert noko unormalt ved undersøkinga og det ikkje er mistanke om miljøforureining, blir ein nummerert erklæring festa på slaktet.
Ein feltkontrollør kan berre utføre feltkontroll og feste ei erklæring på hjortevilt han/ho har skote sjølv, eller hjortevilt skote av andre jegerar i eige jaktlag.
Feltkontrollert slakt har ei avgrensing i korleis det kan omsetjast, fordi det ikkje er kontrollert av Mattilsynet. Feltkontrollert slakt kan seljast/blir gitt bort, oppdelt i maksimalt 8 delar, til privatpersonar eller detaljist i Noreg som deretter omset direkte til sluttforbrukar. Døme på ein detaljist er ein restaurant eller butikk.
Detaljisten som jegeren sel kjøtte til kan ikkje selje det vidare til ein annan detaljist, berre direkte til sluttforbrukar.
Døme på omsetningsvegar:
Døme 1: Viss du som jeger ønskjer å selje direkte til ein restaurant eller butikk, kan du maksimalt dele opp slaktet i 8 delar. Alternativet er å levere slaktet til eit viltbehandlingsanlegg som skjer ned kjøtte i biffar, steikjer, kjøttdeig og liknande, og at restauranten kjøper kjøttet derfrå.
Liste over godkjende produkt og verksemder
Eksempel 2. Viss du som jeger skjer ned slaktet i meir enn 8 delar, er du sjølv ein detaljist og må registrere deg hos Mattilsynet. Som detaljist kan du berre selje direkte til sluttforbrukar, det vil seie den som skal ete kjøttet sjølv. Du kan ikkje selje det til ein restaurant som serverar kjøtte til kundane sine.
Omsetning frå jeger til privatperson, sal eller gi bort
Hjortevilt kan omsetjast direkte frå jeger til privatpersonar utan offentleg kjøttkontroll eller undersøking av feltkontrollør. Skrotten kan berre seljast som heil/halv skrott eller i maks 8 deler. Det er ikkje lov å skjere ned skrotten i biffar, kjøttdeig, steikjer etc. Privatpersonen som jegeren sel/gir bort kjøtte til, kan ikkje selje kjøttet vidare.
Tabell med meir informasjon om kontrollkrav (PDF).
Bjørne- og villsvinkjøtt
Bjørn – og villsvinkjøtt som blir omsett (blir seld eller givast bort) må kontrollerast av Mattilsynet på eit viltbehandlingsanlegg. Årsaka er at bjørn og villsvin kan ha trikinar. Trikinar er parasittar som kan gi alvorleg sjukdom hos menneske.
Ved privat forbruk, det vil seie viss du et kjøttet sjølv, er det sterkt tilrådd at du kontrollerer kjøttet for trikinar. Kontakt eit laboratorium, Veterinærinstituttet eller ditt lokale Mattilsyn på tlf. 22 40 00 00 for å få meir informasjon om trikinkontroll.
Dersom du tek ut prøvar til Mattilsynets overvakingsprogram for villsvin, kan du få godtgjersle for prøvetakinga og gratis trikinkontroll.
No kan jegerar få godtgjersle for å sende inn prøvar av villsvin felt i Noreg..
Meir informasjon om trikinar og trikinose finn du på Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttets nettsider.
Snevert unntak frå kravet om kjøttkontroll
Kjøtt frå villsvin som blir omsett «tilfeldig», treng ikkje å bli kontrollert av Mattilsynet på eit viltbehandlingsanlegg. «Tilfeldig» omsetning er eit snevert unntak frå regelen om at alt kjøtt som blir omsett (blir selt eller givast bort) skal kontrollerast av Mattilsynet på eit viltbehandlingsanlegg.
«Tilfeldig» omsetning blir slik forstått:
Ei omsetning som ikkje er planlagd og som ikkje skjer regelmessig.
Døme: Ein jeger som ein sjeldan gong skyt fleire dyr enn det han/ho kan bruke i eige hushald, kan omsetje dette til venner og kjende utan at det er krav om kontroll. Dersom dette skjer regelmessig, dvs. det skjer kvar gong eller oftast når han/ho jaktar, fell det utanom omgrepet «tilfeldig» omsetning og krav om kjøttkontroll på viltbehandlingsanlegg må oppfyllast.
Det er svært viktig at vi ikkje utvidar kva som fell innanfor «tilfeldig» omsetning på grunn av faren for trikinar.
For å vareta kjøpar av villsvinkjøtt ved «tilfeldig» omsetning, bør sel trikinkontrollere kjøtte for sal. Viss ikkje kjøtte er trikinkontrollert bør sel orientere kjøpar om det.
Småvilt
Småvilt er m.a. hare og fugl. Småvilt kan omsetjast direkte til privatpersonar og til detaljistar som til dømes butikkar og restaurantar utan kjøttkontroll frå jeger. Dersom småvilt skal omsetjast utover dette, må det kontrollerast av Mattilsynet på eit viltbehandlingsanlegg.
Trafikkskadd vilt
Det er forskjell på vilt som blir skadd, og vilt som blir drepen i trafikken.
Trafikkskadd vilt som skal brukast til mat, må kontrollerast av Mattilsynet på eit viltbehandlingsanlegg. Dette gjeld uavhengig av om kjøtt blir selt eller blir gitt bort.
Trafikkdrepe vilt kan ikkje brukast til mat.
Kvar enkelt kommune har ansvar for å finne ei løysing for handtering av trafikkskadd/trafikkdrepe vilt. Kontakt Mattilsynets lokale kontor ved spørsmål, tlf.: 22 40 00 00.
Gebyr
Kjøttkontroll på viltbehandlingsanlegg kostar i 2024 180 kr per dyr.
Eigne reglar for jegerar i område med skrantesjuke
Viss du jaktar hjortedyr i område med skrantesjuke (soner), må du følgje eigne reglar.
Sjå rettleiaren vår for å få oversikt over krava som gjeld: Skrantesjuke - kva gjeld for jegarar