Opphavsrett
Informasjon om bruk av data frå Matvaretabellen.
Innhaldet er beskytta etter åndsverkloven.
Lov om opphavsrett til åndsverk mv. – åndsverkloven (lovdata.no)
Tabellverdiar og tekstar frå Matvaretabellen må ikkje kopierast eller gjevast ut på anna måte utan tydeleg kjeldetilvising.
Informasjon om bruk av data frå Matvaretabellen
Brukar du data frå Matvaretabellen må du oppgje det. Slik referer du til Matvaretabellen:
«Matvaretabellen 2024. Mattilsynet. www.matvaretabellen.no»
Ansvarsfråskriving
Målet med nettsida er å gjere informasjonen i Matvaretabellen lett tilgjengeleg. Tabellverdiane er kome fram på bakgrunn av norske analyseverdiar, utrekninger, verdiar frå utanlandske matvaretabellar og frå andre kjelder. Kjelda til kvar enkelt tabellverdi finn du ved å klikke på enkeltmatvarene.
Opplysningane på denne nettsida er meint for allment bruk. Utgjevarane kan ikkje gje garanti for nøyaktigheita eller fullstendigheita av verdiane.
Utgjevarane tek ikkje på seg noko form for ansvar for tabellverdiane og eventuell bruk av desse i andre samanhengar, blant anna i andre databasar og program. Det kan difor ikkje gjerast gjeldande noko form for erstatningsansvar for direkte eller indirekte tap, til dømes driftstap og avansetap, i samband med bruk av tabellverdiane i Matvaretabellen.