Probiotika bør ikkje bli gitt til kritisk sjuke pasientar

Det er ikkje funne bevis for gunstig effekt av tilførsel av probiotika til alvorleg sjuke pasientar. Sjølv om det er rapportert enkelte positive helseeffektar for nokre pasientgrupper, er dei negative helseeffektane ved tilførsel av probiotika nå godt dokumenterte. 

Publisert

Probiotikum bør derfor ikkje bli gitt til kritisk sjuke pasientar. Dette er VKM sin konklusjon i ei risikovurdering av bruk av probiotika eller produkt som inneheld probiotika blant spesifikke grupper sjukehuspasientar.

Nyleg publiserte vitskaplege artiklar om bruk av probiotika blant pasientar innlagt på sjukehus har vist at probiotika kan gi negative helseeffektar. På bakgrunn av ein førespurnad frå Stavanger universitetssjukehus, har Mattilsynet bede VKM å gjennomføre ei risikovurdering av bruk av probiotika eller produkt som inneheld probiotika blant spesifikke grupper sjukehuspasientar.

I tillegg til å vurdere bruk av probiotika for sjukehuspasientar har VKM også vurdert bruk av probiotika blant kritisk sjuke som får pleie utanfor sjukehus, for eksempel kreftpasientar og andre personar som har nedsett immunforsvar. VKM sette ned ein ad hoc-gruppe med ekspertar på fagområdet, og rapporten frå ad hoc-gruppen har vore behandla i VKMs Hovudkomité.

Det er ikkje funne bevis for gunstig effekt av tilførsel av probiotika til alvorleg sjuke pasientar med sjukdommar slik som sjukehuspasientar med akutt pankreatitt, antibiotika-assosiert diaré, Clostridium difficile-infeksjon og non-alcoholic-fatty-liver-disease. VKM har også vurdert bruk av probiotika blant kritisk sjuke barn, for eksempel barn som ligg på intensivavdeling, og dessutan pasientar med diaré, Helicobacter pyloriinfeksjon, inflammatorisk tarmsjukdom, urogenitale infeksjonar, og pasientar med auka bakteriell vekst i tynntarmen.

VKM konkluderer med at sjølv om det er rapportert enkelte positive helseeffektar for nokre pasientgrupper, særleg ved rotavirus-assosiert diaré, er dei negative helseeffektane ved tilførsel av probiotika nå godt dokumenterte. Probiotika bør derfor ikkje bli gitt til kritisk sjuke pasientar.

VKM - bruk av antibiotika til kritisk syke pasienter (vkm.no)