ESA-rapport: Noregs kontroll med produksjon av fiskerivarer og fiskeolje til konsum 2022
EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) har publisert ein rapport der dei tilrår at Mattilsynet styrker kontrollen med produksjon av fiskerivarer og fiskeolje til konsum. Rapporten kjem etter ein revisjon i mars 2022.
Mattilsynet har utarbeida ein plan for tiltak for å fylgje opp anbefalingane. Planen for tiltaka ligg ved ESA-rapporten.
- Kva blei undersøkt?
Mattryggleik ved produksjon av fiskerivarer, inkludert fiskeolje
- Tidsrom
- 7-16. mars 2022
- Kva leita vi etter?
Målet med revisjonen var å verifisere at offentleg kontroll av fiskerivarer, inkludert fiskeolje til konsum, er i tråd med gjeldande EØS-reglar.
- Kva fann vi?
- ESA fann at systemet for offentleg kontroll i Noreg dekker produksjon av fiskerivarer frå fangst til forbrukar.
- Frekvensen av kontrollen er ikkje alltid i samsvar med frekvensane som Mattilsynet har fastsett gjennom sitt system for risikobasert tilsyn.
- Mattilsynet fylgde ikkje alltid etablerte prosedyrar ved godkjenning av verksemder.
Her kan du lese ESA-rapporten og tilbakemeldingane frå Mattilsynet: Audit to Norway from 7 to 16 March 2022 to verify compliance with the applicable EEA food safety legislation governing (eftasurv.int) (eftasurv.int) the production of fishery products, including fish oil for human consumption, and the implementation of official controls thereon (eftasurv.int)
- Kven utførte oppdraget?
EFTA sitt overvakingsorgan (ESA)