Forbod mot produkt som inneheld hamp – import av korn, ertar og frø til villfuglar

Det er forbode å innføre eller omsette frø dersom frøet inneheld narkotiske stoff, eller stammar frå plante som inneheld narkotiske stoff.

Publisert

Forbodet gjeld uavhengig av kva frøa skal brukast til. Cannabis sativa (hamp) står oppført på narkotikalista i forskrift om narkotika § 4 (lovdata.no), og etter forskrift om såvarer (lovdata.no) er det forbode å innføre eller omsette frø dersom frøet inneheld narkotiske stoff, eller stammar frå plante som inneheld narkotiske stoff

Verksemder som importerar og omset fôr til villfuglar er ansvarlege for å følge regelverket, og at produkta ikkje inneheld hamp. Importørar av heile korn, erter og frø til fôr må vere merksame på at det utilsikta kan følge med hampfrø sjølv om hamp ikkje er oppgitt som ein ingrediens i fôret.

Ved tilsyn vil Mattilsynet kunne etterspørje kva verksemda har gjort for å sikre seg at kravet er følgt. I praksis må verksemda kunne vise til at partiet eller vara er prøvetatt og analysert for hamp. Her kan same framgangsmåte brukast som ved prøvetaking og analyse for å sjekke om ei vare inneheld floghavrefrø.

Gjennom Mattilsynets overvakings- og kartleggingsprogram om uønskte artar (frø) i importert mat, fôr og såvare, har vi sett eksempel på at særleg fôr til villfuglar, kan innehalde frø av hamp. Dette er produkt som villfuglblandingar, solsikkefrø, meisebollar og talgprodukt.

Nokre verksemder ønsker å importere hampfrø som fôr eller mat.

Regelverk

Forskrift om såvarer

§ 28. Frø med narkotiske stoffer

Det er forbudt å innføre eller omsette frø dersom frøet inneholder narkotiske stoffer, eller stammer fra plante som inneholder narkotiske stoffer.
Se heile forskrifta

Kilde: Lovdata.no