Plantehelserisiko ved flytting av jord

Det er viktig for Mattilsynet at du som flyttar eller arbeider med jord er kjend med sykdomsrisikoane ved dette. 

Publisert

Kvifor prioriterer Mattilsynet dette i 2024?  

Vi vil bidra til at dei som flyttar jord er kjent med krav i regelverket og kva som er konsekvensen dersom alvorlege planteskadegjerarar blir spreidd med flytting av jord. 

Korleis planlegg Mattilsynet å arbeide med dette?  

Vi vil gjere det lettare å finne oppdatert informasjon om flytting av jord på våre nettsider. Vi vil sende informasjonsbrev til dei som arbeider med reguleringsplanar, anleggsarbeid og flytting av jord. I tillegg vil vi informere via fagtidsskrift og i samarbeid med andre etatar. 

Kva betyr dette for deg? Kva kan du/verksemda di forvente?  

Du som flyttar jord eller arbeider med jord vil kunne få besøk frå Mattilsynet der vi orienterer om krav i regelverket og konsekvens ved spreiing av skadegjerarar med jord. Du vil også finne oppdatert informasjon om dette temaet på våre nettsider. 

Risiko for spredning av planteskadegjørere og floghavre i forbindelse med anleggsarbeid