Kva er økologisk landbruk?
Økologisk landbruk er ei eiga driftsform eller produksjonsmetode. Det er fastsett detaljerte minstekrav til driftsforma i regelverket.
Formålet med økologiregelverket er å sikre at landbruksprodukt, akvakulturprodukt og næringsmiddel som blir marknadsførte som økologiske, skal overhalde krava til økologisk produksjon. Regelverket skal òg vareta miljøvennleg produksjon og sikre ei reieleg omsetning.
Det er mellom anna sett klare avgrensingar for bruken av gjødsel, fôr og plantevernmiddel. Det er òg forbod mot bruk av genmodifiserte organismar (GMO) og produkt avleidde frå slike organismar.
Husdyrhald utgjer ein integrert del av verksemda på mange gardsbruk med økologisk landbruksproduksjon. Husdyrgjødsla skal bidra til at det blir skapt likevekt i produksjonssystemet gjennom å dekkje behovet til plantane for næringsstoff og auke mengda av organisk materiale i jorda.
Eit viktig mål og prinsipp for økologisk produksjon er å etablere ei berekraftig forvaltning av landbruket med høg standard for dyrevelferd.
Utfyllande informasjon om økologisk landbruksproduksjon finn du i Veileder for økologisk landbruk (PDF).