Planteforedlarrett

I Noreg er det Plantesortsnemnda som tildeler planteforedlarrett, også kalla rettsvern av plantesortar. Mattilsynet fungerer som sekretariat for Plantesortsnemnda.

Publisert

Planteforedlarrett er sortseigars einerett til å selje og produsere formeiringsmateriale (såkorn, frø, morsplantar med meir). Med ein slik einerett kan sortseigar krevje betaling av andre som vil produsere og formere sorten.

Planteforedlarretten blir regulert gjennom lov om planteforedlarrett (planteforedlarlova) og forskrift om planteforedlarrett. Norsk regelverk er basert på føresegnene i den internasjonale konvensjonen for vern av plantesortar, UPOV-konvensjonen av 1978 (International Union for the Protection of new Varieties of Plants). 

Plantesortsnemnda 

Plantesortsnemnda består av 7 medlemmer med personlege varamedlemmer som blir utnemnde av Landbruks- og matdepartementet. Plantesortsnemnda forvaltar lov og forskrift om planteforedlarrett. Dette inneber at nemnda avgjer søknader om planteforedlarrett (rettsvern) av sortar. I tillegg gir nemnda råd til Mattilsynet ved godkjenning av sortar for oppføring på Norsk offisiell sortsliste. 

Plantesortsnemnda (plantesortsnemnda.no)

Den internasjonale unionen for vern av nye plantesortar (UPOV) 

Noreg er medlem av den internasjonale unionen for vern av nye plantesortar (UPOV) og har gjennomført føresegnene i UPOV-konvensjonen av 1978 i norsk rett. UPOVs formål er å tilby og fremje eit effektivt system for vern av nye plantesortar og derigjennom oppmuntre til utvikling av nye plantesortar. 

UPOV (upov.int)

Søke om planteforedlarrett

Søknadsskjema for rettsvern av plantesortar (plantesortsnemnda.no)

Regelverk

Forskrift om planteforedlerrett